nyhende
Vil ha sein avgang til Sveio
Sveio kommune tryglar Skyss om å betre det dårlege kollektivtilbodet i kommunen, og i minste fall med eit prøveprosjekt med ein sein kveldsavgang frå Haugesund.
Vestavind har det siste året skrive fleire saker om det dårlege kollektivtilbodet innbyggarane har på ettermiddag og kveldstid. Dette trass den relativt korte avstanden det er til regionsenteret Haugesund. 31. januar gjekk kommunane sin frist til å kome med innspel til Skyss, som er Vestland fylkeskommune sitt samferdsleorgan. Då med tanke på planlegging av ruteproduksjonen til hausten.
— Svært viktig
— Som Sveio kommune har kommentert ved fleire høve tidlegare, mellom anna i samband med regional transportplan, er busstilbodet frå Haugesund til Sveio svært mangelfullt på kveldstid. Dette er særleg utfordrande for 16- og 17-åringar som går på vidaregåande skule i Haugesund og har vener og fritidsaktivitetar der, heiter det i brevet som ordførar Linn Therese Erve (Ap) i Sveio kommune har sendt til Skyss.
Kommunen viser til at om ungdomane skal delta på aktivitetar i byen på kveldstid, slik som trening, kino og konsertar, er dei avhengige av å bli henta med bil om kvelden.
— Det er difor svært viktig å få etablert seine avgangar på rute nummer 700 frå Haugesund og nordover, og gjerne og frå Leirvik og sørover, skriv ordførar Linn Therese Erve på vegner av Sveio kommune.
Prøveprosjekt
Skyss har tidlegare meldt at det er små mogelegheit for auke i ruteproduksjonen med dei noverande økonomiske rammene dei har for kollektivtransporten i Vestland. Sveio kommune oppmodar på si side at om ein ikkje får til ei fast auke i avgangar, så er det ønskeleg med eit prøveprosjekt med siste avgang frå Haugesund klokka 23.
— Då vil personar frå Sveio kunna nytta kulturtilbod i byen og koma seg heim utan å nytta privatbil eller drosje, heiter det i brevet.
Ønskjer tettare dialog med Rogaland
Sveio kommune ønskjer vidare at det blir etablert såkalla bestillingsbuss i kommunen, og peiker på at det særleg langs Ålfjorden og Bømlafjorden er eit svært mangelfullt kollektivtilbod.
— Eg har gitt same innspel i møtet Skyss hadde på Teams. I nemnde møte gav eg og innspel på at Sveio kommune oppfordra skyss til å gå i tettare dialog med Kolumbus i Rogaland fylkeskommune for å saman kome fram til betre tilbod mellom Leirvik og Haugesund, opplyser ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind.