nyhende

Vil ha padel-bane på Bua

Foreiningar på Bua går saman og søkjer stønad frå kommunen til padel-bane. — Me trur det kan skapa fleire aktivitetar i nærmiljøet, seier leiar i bygdelaget Svein Olaf Bua.

Publisert Sist oppdatert

Ved ferjekaia på Bua ligg det både ein tennis- og ein volleyball-bane. No går bygdelaget og ungdomslaget saman for at det skal kome nok ein aktivitet. Ein padel-bane. I ein felles søknad ber dei om stønad frå kommunen sitt nye nærmiljø-program.

Aukande i popularitet

— Me har jo ein tennisbane me har bygd tidlegare. Me trur det kan skapa fleire aktivitetar i nærmiljøet, seier Svein Olaf Bua.

Han er leiar for bygdelaget og kontaktperson for deira søknad. Bua fortel at dei eksisterande anlegga har vore mykje brukt, og at dei gjerne vil ha meir.

— Tennisbana har vore veldig populær, og den er det framleis, seier leiar i bygdelaget Svein Olaf Bua.

— For dei som er ukjende med sporten, kva er padel?

— Det er ein sport mellom squash og tennis. Det er to på kvar side av nettet og ein kan også skyte i veggen. Dei som har spelt squash vil kjenne seg igjen, forklarar Bua.

Svein Olaf Bua er leiar i Bua bygdelag og kontaktperson for søknaden.

Sporten har vakse raskt i popularitet dei siste åra, og no håpar bygdelaget og ungdomslaget å byggje ein bane i Bua.

— Padel er jo kjekt, og det er jo ingen baner i nærleiken som er gratis og utandørs, så me trur det kan vere populært, seier Bua.

Søknadar og sponsorar

I søknaden skriv dei at ein padel-bane vil kunne gjere Bua meir attraktivt. Banen skal vere universelt utforma, slik at den kan nyttast av alle.

Prosjektet er planlagt finansiert gjennom stønadar og sponsorar, og dei forventar kostnaden å vere om lag 810.000 kroner.

Det grøne på kartet er der dei ynskjer ein padel-bane.GRAFIKK: SØKNAD

— Me har søkt tippemidlar og på det nye programmet, seier Bua.

Tidlegare i haust oppretta Sveio kommune ei ordning der kvar av dei sju bygdene i Sveio kunne søkje om opp til 200.000 kroner retta mot nærmiljø og sosiale møteplasser.

Leiaren i bygdelaget fortel at dei har hatt møte med kommunen på førehand, og at responsen har så langt vore god.

— Ja, dei verka positive, seier Bua.

Han gjev ros til det nye stønadsordninga og kallar det veldig positivt.

— Eg trur det er ei god investering for kommunen, ein får veldig mykje igjen for det, seier Bua.

Powered by Labrador CMS