nyhende

Vil ha overnatting i fyrtårnet

Styret i Ryvarden Kulturfyr KF ynskjer at Sveio kommune set av midlar til det som kan bli første skritt til eit utvida overnattingstilbod på Ryvarden. Dei ynskjer mellom anna å greie ut om ein kan få til overnatting i fyrtårnet.

Publisert Sist oppdatert

— Det er relativt attraktivt å vakne på eit fyr uti havgapet, seier Rune Teikari, styreleiar i Ryvarden Kulturfyr KF.

Saman med styret ynskjer han å få ein mogelegheitstudie inn i kommunen sitt budsjett for 2023, der det kan undersøkast om dei kan utvida talet på sengeplassar.

— Det handlar om kva me kan gjere med eksisterande byggmasse, seier Teikari.

Studien vil koste mellom 200.000 og 250.000 kroner. Då skal fagfolk vurdere kva dei kan gjere for at fleire skal kunne overnatte på Ryvarden, også i sjølve fyrtårnet.

— Sjå for deg ein brudesuite i fyrtårnet. Det handlar om å vise fram kva som er unikt. Ryvarden er veldig fint på ein flott dag, men heilt fantastisk på ein dårleg, seier han.

Avhengig av Kystverket

Sveio kommune er eigar av alle bygga på Ryvarden, utanom sjølve fyrtårnet. Det eiger Kystverket. Difor vert Sveio avhengig av Kystverket om mogelegheitstudien vert vedtatt og planane skal realiserast. Gunn Bente Håvardsholm er dagleg leiar i Ryvarden Kulturfyr og seier det tidlegare vore noko dialog med Kystverket.

— For mange år sidan snakka eg med Kystverket om dette, på eit teoretisk nivå. Den gangen var dei positive til bruk, men det måtte sjølvsagt undersøkjast nærare, seier ho.

Sidan det er lenge sidan, tenkjer Håvardsholm at meininga godt kan ha endra seg hos Kystverket. Ho understrekar at planane berre er planar inntil ein mogelegheitstudie vert teken med i budsjettet, og at det ikkje er i Ryvarden sitt mandat å setje i gang noko.

— Det er Sveio kommune som må ta den formelle kontakten med Kystverket, seier ho.

Meir sysselsetting

Ryvarden Kulturfyr har i dag 11 personar tilsette fordelt på 1,42 årsverk. Den daglege leiaren vonar ein realisering av planen vil ha positiv verknad.

— Trur du eit utvida overnattingstilbod vil auke talet på arbeidsplassar på Ryvarden?

— Ja, men kanskje like viktig, auke eksisterande stillingsprosentar, seier Håvardsholm.

Teikari fortel at Ryvarden er eit politisk satsingsområde, som kommunen på sikt ynskjer skal stå på eigne bein økonomisk. I dag mottek kulturfyret midlar frå kommunen.

— Får me gjort dette billig og enkelt, så kan me gjere Ryvarden økonomisk uavhengig. Då kan me kanskje gå i pluss over tid, og ikkje lengre vere avhengig av kommunale overføringar, seier han.

Viss det vert mogeleg å utvida overnattingstilbodet, til dømes for større kundar og arrangement, så trur Teikari sjølvstende er eit mål dei kan nå.

— Det er potensiale 365 dagar i året for ein slik plass, seier han.

Førebels ikkje med

Eit viktig punkt i planen deira er at det må vere låge kostnadar rundt ein eventuell ombygging.

Brukar ein for mykje pengar på det, så vert hensikta bak øydelagt.

— Saka har vore nemnd i mange år men ikkje gjort noko med, seier Teikari.

Om studien kjem med meiner han dei får ein endeleg avgjerd.

— Studien kan vise om det er realistisk. Om ikkje kan me leggje det bort, seier han.

Måndag presenterte administrasjonen sitt framlegg til budsjett, og ynsket om mogelegheitstudie vart ikkje teken med.
Konstituert rådmann Ingunn Toft seier at budsjettforslaget dei la fram ikkje har med studien.

— Det var ikkje rom i budsjettet me la fram, men så skal jo politikarane knø dette, og då kan dei jo finne plass, seier ho.

Kryssar fingrane

Dei ekstra midlane som rådmannen foreslår å tildele Ryvarden i 2023 er på 100 000 kroner og skal gå til oppgradering av lys.
Då dagleg leiar vert kontakta om budsjettforslaget har ho forståing for at studien ikkje har kome med og er takksam for midlane rådmannen har foreslått.

— Me ynskjer den mogelegheitstudien for den betyr veldig mykje for utviklinga der ute. Samstundes så gleder eg meg over at dei har foreslått nye lys. Det er både eit klimatiltak og kostnadsbesparande. Lysa i dag er fra 1992, me får ikkje tak i nye delar og noko henger med teip, seier Håvardsholm.

Ho har likevel ikkje gitt opp håpet for at mogelegheitstudien kan verte inkludert når budsjettet vert vedteke.

— Det skal jo arbeidas gjennom formannskap og kommunestyre, eg får berre krysse fingrane og håpe, seier Håvardsholm.

Styreleiar Rune Teikari seier at han og har forståing for at kommunene må prioritere, men poengterer at utvida overnattingstilbod truleg er naudsynt for å nå målet om økonomisk sjølvstende for kulturfyret.

— Det er ein del av det eg vurderer som essensielt for at Ryvarden skal levere til forventingane, seier han.

Han fortel at dei vil teke det opp i forhandlingane om budsjettet, samstundes som pengane dei ynskjer er ein liten del av eit større bilete.

Powered by Labrador CMS