nyhende
Vil ha kandidatar til nasjonal jordvernpris
Den nasjonale jordvernprisen skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og vart første gong delt ut i 2017. Landbruks- og matdepartementet har sett fristen for å fremje kandidatar til årets pris til 1. april.
Jordvernprisen skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planar, som legg godt til rette for at kommunane i mindre grad omdisponerer dyrka mark og finn gode alternativ i planlegginga.
Statsforvaltarane er bedne om å melde inn kandidatar frå fylka sine, men også andre kan melde inn kandidatar til Nasjonal jordvernspris. Fristen for innmelding er 1. april i år.
Ofte vanskeleg for kommunane
— Ta vare på matjorda!, var overskrifta på brevet som dåverande kommunal- og distriktsminister og eg sende til kommunane i mars i fjor. Å ta vare på matjorda er svært viktig for samfunnet, men ofte ei vanskeleg oppgåve for kommunane, og derfor ønskjer eg å gi merksemd og ros til dei som bevisstgjer og tek dette ansvaret på alvor i arealplanlegginga, seier landbruks- og matminister Sandra Borch, og legg til:
— Mitt håp er at vi får fram mange gode kandidatar og finn fram til ein verdig vinnar i 2023 som kan vise oss korleis desse utfordringane kan løysast.
Auka merksemd om jordvern
Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og døme på tiltak, planar og strategiar for å ta vare på dyrka mark.
Prisen skal delast ut til ein kommune eller fylkeskommune og består av eit diplom og dessutan heider og ære. Juryen blir leidd av landbruks- og matministeren.