nyhende

Vil gjera Oa til eit levande samlingspunkt

Den tradisjonsrike sankthansfeiringa i Oavika har lege «brakk» i ei årrekkje. Sist helg kunne ho endeleg takast opp att.

Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje 25 år sidan sist det vart arrangert sankthansfeiring på Oa, men i år klarte oabuane å gjennomføra den tradisjonsrike bygdefesten etter gamalt.

— Me ynskjer å få til eit levande Oa att, seier Kristin Ove Skare frå Oa, som har vore med på sankthansfeiringane der sidan ho kom til verda.

Arrangerte ryddeaksjon

Skare fortel at det i Oavika er eit fellesareal langs sjøen som før i tida var ein stor og open bakke. Det var ein årleg tradisjon å samla bygdefolket til felles sankthansfeiring på denne plenen, og det var elles mykje liv og eit høgt aktivitetsnivå i bygda.

No har dette arealet vore meir eller mindre attgrodd i fleire år, og det er i tillegg underskot på born og unge i grenda.

— Det er nesten ikkje folk som bur her inne lenger. Akkurat på sjølve Oa bur det til saman tre born, seier Skare.

Men ein kan ikkje berre akseptera at området gror att og vert til skog, understrekar Skare. No vert det difor jobba med å re-etablera Oavika som samlingspunkt: Saman med ein heil del hyttefolk har dei som held til i den vesle grenda gått i gang med ein stor ryddeaksjon. Dei har felt tre og rydda bort kvistar, greiner og anna rusk. Det låg dermed godt til rette for å repetera den gode, gamle sankthansfeiringa.

— Etter kvart fann me ut at me tradisjonen tru ville få til sankthansfeiring her i år. Då fekk me òg brent alt buskaset me hadde samla i dungar, seier Skare.

Dejavu for dei eldre

Ein av dei eldre som var til stades under sankthansfeiringa på Oa skal ha fått «déjà vu» og sagt at det var fantastisk å kunna oppleva denne hendinga om att, fortel Skare vidare.

Ho vonar dette er starten på ein ny epoke for Oa og kan fortelja at det allereie er lagt planar for komande tilstellingar på fellesområdet i Oavika.

— Me har planar om ein krabbefest i august, det vil seia ein slags «krabbejazz», der me skal eta sjølvfangsta krabbe saman.

Powered by Labrador CMS