nyhende

ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Vil gi pengar til fire nye prosjekt i Sveio

Ei ny ordning frå kommunen gjev kvar bygd mogelegheit til å søka opp til 200.000 kroner til sosiale møteplassar. Måndag innstilte formannskapet eit ja til søknadar i fire bygder. — Ei gladsak, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Publisert Sist oppdatert

— Dette er jo ei gladsak eg har gleda meg til, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap)

Under møtet i formannskapet måndag kveld kom dei til punktet på sakslista som fleire såg fram til, nemleg nærmiljø-og sosiale møteplassar.

Det er ei ny ordning frå kommunen, der det er sette av 200.000 kroner til kvar av dei sju bygdene i Sveio.

— Det er noko som har vorte positivt mottatt i heile kommunen, seier Erve.

Kvar bygd kan søka for opp til 200.000 kroner til noko som fremmar sosialt samvær eller aktivitet i bygda. Då fristen gjekk ut 19. desember hadde fem av sju bygder kome med ein søknad.

Auklandshamn, Bua, Førde, Lid og Valestrand var blant søkarane. Både Førde og Bua hadde to søknadar.

Bygdene Sveio og Vikse var derimot ikkje representert på lista over søknadar.

Då formannskapet skulle handsama saka, reiste Lars Einar Hollund (H) seg og gjekk ut av rommet.

— Eg er ugild, på grunn av at eg har vore med å søkt på vegner av Våga og omegn bygdelag, seier Hollund.

Desse fekk midlar

Sjølv om formannskapet var éin mindre gjekk det fint, og vedtaket vart samrøysta. Det betyr at fire av søknadane får tildelt midlar:

• Auklandshamn bygdelag får 200.000 kroner til etablering av møteplass på Stølen.

• Valestrand bygdelag får 180.000 kroner til ferdigstilling av ballbinge på Valestrand oppvekstsenter og opparbeiding av uteområdet ved Ørevik skule.

• Førde bygdelag får 200.000 kroner til vidareutvikling av aktivitet på Strando.

• Bua bygdelag får 200.000 kroner til å finansiera padelbane. 

Ein modell av ein padel-bane lagt på eit bilete frå Bua, på omtrentleg plassering. No ser det ut til at prosjektet får 200.000 frå kommunen.

Avgjerder om avslag vart teken viss ein søknad ikkje var innanfor retningslinene som kommunen hadde sete. Til dømes søkte Førde ungdomslag om opparbeiding av uteområdet ved samfunnshuset.

Dei fekk ikkje innvilga midlar. Det skuldast at kommunen meiner det ikkje er ein sentral plassering i bygda, som er ein av retningslinene til ordninga.

— Litt skuffa

— Me er jo litt skuffa. At barn og unge som er på samfunnshuset får mogelegheita til å vere ute, det hadde vore greitt, seier Linda Sæverhagen, leiar i Førde ungdomslag.

Ho seier uteområdet hadde trengt eit løft.

— Det er jo eit samlingspunkt for bygda, seier Sæverhagen.

Våga og omegn bygdalag fekk avslag av same grunn. Dei søkte om oppføring av grillhytte på Vågafjellet.

Valestrand bygdelag sin søknad om musikkanlegg på Kleivo vart heller ikkje godkjent.

Tørresplasser Vel sin søknad på Bua fekk avslag då den var vurdert utanfor retningslinene.

Fordelinga av midlane skal formelt godkjennast på kommunestyremøtet den 20. februar.

Ordninga skal etter planen fortsette, neste søknadsfrist blir 1. april.

Powered by Labrador CMS