nyhende

Asle G. Halleraker (TvF) frykta at turveg som skuleveg kan forseinka trafikksikringstiltak langs fylkesvegen.
Asle G. Halleraker (TvF) frykta at turveg som skuleveg kan forseinka trafikksikringstiltak langs fylkesvegen.

– Vil fylket droppa trafikksikring?

– Vil turveg som skuleveg i Auklandshamn føra til at fylkeskommunen droppar eller utset trafikksirkingstiltak langs fylkesvegen?

Publisert Sist oppdatert

Det undra Asle G. Halleraker (TvF) seg over på kommunestyremøtet måndag.

Halleraker ville også vita noko om ressursbruken i samband med planlegginga av turveg som skuleveg, og om det har vore kontakt med fylkeskommunen i denne saka.

– Sit fylkeskommunen sine folk kanhende og gnir seg i hendene med tanke på kva dei kan spara dersom kommunen byggjer ut skuleveg på eiga hand, ville TvF-representanten vita.

Rådmann Jostein Førre stadfesta at det går tid til å planleggja tur/skulevegprosjektet. Han lova meir omfattande orientering om dette i neste møteserie.

– Om fylkeskommunen sine folk gnir seg i hendene, får dei sjølve svara på. Me har hatt mange møte med fylkeskommunen, men ikkje lukkast med å koma fram til felles planlegging av sikker skuleveg i Auklandshamn, sa rådmannen mellom anna.

Powered by Labrador CMS