nyhende

Vil flytta biomasse i Sveio-merdar

Bremnes Seashore søkjer om å flytta produksjon av fisk frå Kvernaneset til Loddetå, Tittelsnes og Svollandsneset. — Det er snakk om ei omfordeling, seier Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore.

Publisert Sist oppdatert

Bremnes Seashore har ein søknad inne hos Sveio kommune. Selskapet er involvert i fiskeoppdrettsnæringa, og ynskjer å flytta noko av produksjonen sin.

— Det er ei omfordeling i frå ein lokalitet til tre andre. Frå Kvernaneset til Loddetå, Tittelsnes og Svollandsneset, seier Eide.

Ikkje endring av biomasse

Reint geografisk så blir det flytta frå ein merd vest for Økland, til merder som ligg ved Tittelsnes og i fjorden aust for fastlandet i Sveio.

Viss søknaden vert godkjent vil merden i Kvernaneset leggjast ned.

Han understrekar at det ikkje skal skalerast korkje opp eller ned. Mengda fisk, eller såkalla biomasse, vert den same.

— Det er berre snakk om ei flytting, seier Eide.

— Kvifor det?

— Det er for å optimalisera driftsforholda. Det er betre eigna driftsforhold der. Det handlar litt om eksponering og lokaliteten. Me har gode driftserfaringar med desse lokalitetane.

10 tilsette

— Vert arbeidsplassane att i Sveio?

— Ja, sidan biomassen ikkje skal endrast totalt sett, seier Eide.

Bremnes Seashore har for tida om lag 10 tilsette knytta til deira næring i Sveio. Kvernaneset, Loddetå og Tittelsnes ligg i Sveio, medan Svollandsneset ligg i Vindafjord kommune.

Powered by Labrador CMS