nyhende
Vil få skikk på tilskotsordning
Personar med funksjonsnedsetting kan ha rett på tilskot frå kommunen for å byggja om bustaden. – Ordninga er uoversiktleg, uklar og uhaldbar, meiner Rune Teikari (FrP) om dagens situasjon.
Frå og med 2020 blei finansieringa av tilskot til prosjektering, etablering og tilpassing av bustad overført frå Husbanken til kommunane. Ein konsekvens av omlegginga, er at kommunen ikkje har sett av midlar til føremålet for 2021.
Då det var kommunestyremøte måndag 14. juni, kalla Rune Teikari (FrP) ordninga som kommunen skal ha hand om for ei godt bevart hemmelegheit for politikarane. No når dei folkevalde er klar over saka, vil dei gjera grep. FrP-politikaren hadde følgjande å seia om saka i kommunestyret på måndag:
– Etter omlegginga frå Husbanken til kommunane, er ordninga er uoversiktleg, uklar og uhaldbar, noko som rammer brukarane. Me ber rådmannen om å komma tilbake med ei sak om korleis dette kan ivaretakast og sikra vidare finansiering, slik at brukarane ikkje er skadelidande etter omlegginga.
Forslaget blei vedteke, rådmannen er beden om å komma med ei sak til hausten.