nyhende

Helse- og omsorgsdepartementet og Ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta meiner det er nødvendig å gjere endringar for å lette utfordringar rundt rekruttering og manglande kontinuitet i lege-pasientforhold, særleg i distrikta. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Helse- og omsorgsdepartementet og Ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta meiner det er nødvendig å gjere endringar for å lette utfordringar rundt rekruttering og manglande kontinuitet i lege-pasientforhold, særleg i distrikta.

Vil endra krav til fastlegar

Regjeringa foreslår å lempe på kompetansekrava til fastlegar. Særleg i distrikta er det store utfordringar med å rekruttere nok helsepersonell.

Publisert Sist oppdatert
– Nye tal viser stor interesse for å jobbe som fastlege i kommunen, også blant yngre legar. Det gler meg. Samtidig er vi ikkje i mål. Det er framleis behov for tiltak som sikrar legebemanning, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei melding frå regjeringa.

På høyring

Eit forslag om endringar i kompetansekrav til legar i kommunale helse- og omsorgstenester er no sende ut på høyring.

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår mellom anna at det blir stilt krav om å vere under spesialisering i allmennmedisin eller ferdig spesialist i allmennmedisin for å vere fastlege.

Oppmjuking

Departementet høyrer dessutan to ulike forslag til unntaksreglar frå kravet om spesialisering. Begge er ei oppmjuking i forhold til dagens føresegner. Forslaget er ein del av oppfølginga av tilrådingane frå Ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta.

Høyringsfristen er sett til 1. februar 2025.

Powered by Labrador CMS