nyhende
Vil behalda barnehagemangfaldet
– Mangfaldet mellom små og store, private og offentlege barnehagar er positivt for valfridommen til innbyggjarane i kommunen, seier formannskapet i Sveio i ei høyringsfråsegn til endringane i barnehagelova.
Regjeringa sitt forslag til endringar er nå ute på høyring, med høyringsfrist 1. februar. Formannskapet har bede administrasjonen om å utarbeida ei høyringsfråsegn frå Sveio som inneheld i alt ni punkt. Formannskapet peikar mellom anna på problemet med at private barnehagar får tilskotet sitt utrekna på bakgrunn av to år gamle rekneskapstal.
– Dette gir ei forseinking ved at kostnadsdrivande tiltak ikkje blir dekka før to år seinare, heiter det i uttalen.
Smådiftsulemper
Ordførar André Mundal Haukås minner i ein kommentar om at både barnehagane både på Bråtveit og Bua har grunngitt sine nedleggingsvedtak med at dei økonomiske rammene har blitt altfor stramme.
Tilskotsordningane bør utformast slik at små barnehagar blir kompenserte for smådriftsulemper, heiter det også i uttalen.
Formannskapet i Sveio støttar ikkje departementet sitt forslag om at utforminga av tilskotet skal overlatast heilt til den einskilde kommune utan overordna retningsliner. Departementet sitt forslag kan auka, ikkje redusera konfliktnivået og auka administrasjonskostnadane, meiner formannskapet.
Kostpengar
Formannskapet støttar heller ikkje forslaget om å gi kommunane høve til å redusera talet på barnehageplassar i forhold til det ein barnehage er godkjent for. Dei støttar heller ikkje forslaget om at kommunane skal få rett til å avgjera eit minimum av opningstimar og maksimalt tal på veker i dei private barnehagane kan vera stengde i feriar. Dette bør heller skje i eit samarbeid, meiner dei lokale politikarane.
Dei vil heller ikkje at kommunane skal få fastsetja maksimumsnivå for kostpengar.
– Mattilbodet er ein del av konseptet til mange private barnehagar. Det er ein del av mangfaldet foreldra kan velja mellom, seier sveiopolitikarane, som ønskjer å halda fast på prinsippet om at foreldra skal få velja kva barnehage dei vil nytta seg av.