nyhende

Heldt Fartein Valen-konsert for Førde-elevar:

— Viktig at born vert kjende med eigen kulturarv

Kva gjer musikk til musikk, og korleis vert ljodar om til musikk? Desse spørsmåla fekk tredje- og fjerdeklassingane ved Førde skule utforska under Fartein Valen-konserten på Vigdartun sist torsdag.

Publisert Sist oppdatert

2022 er eit minneår for den lokale komponisten Fartein Valen. Det er i år 70 år sidan han døydde og 75 år sidan det nasjonale gjennombrotet hans.

Som ein del av minneårsmarkeringa vart Valen og musikken hans hovudfokuset under konsertførestillinga for tredje- og fjerdeklassingane ved Førde skule sist veke.

Kulturarv og identitet

Førestillinga var sett opp av pianisten Annabel Guaita og perkusjonisten Lars Kolstad.

Fyrstnemnde er mellom anna musikkformidlar og har kunstnarisk doktorgrad på pianomusikken til Fartein Valen. I 2011 gav ho ut CD-en L´Altra Beltá.

Kolstad er høgskulelektor i musikkpedagogikk ved Steinerhøgskulen i Oslo.

Sist veke reiste dei ned til Sveio i Fartein Valen sitt namn.

— Det er viktig at born vert kjende med kulturarven og sin eigen lokale identitet, seier Annabel.

Vestavind sin utsending var òg invitert til førestillinga torsdag.

Førestillinga opna med undring over Valen-musikken og samanhengen mellom musikk, ljodar og stille. Annabel forklarte borna at tonane til Fartein Valen levde sitt eige liv og følgde sin eigen rytme.

Nokre av elevane fekk spela på bjellene som var plasserte på eit bord framme i salen. Dét danna utgangspunkt for interessante observasjonar: Borna vart djupt konsentrerte og hamna nærast i flyt.

— Kanskje dette er fyrste gong i heile verdshistoria at akkurat denne melodien vart spelt! sa Kolstad til borna som fekk prøva seg.

Improvisasjonen til elevane skulle skapa musikalsk nærleik og personleg eigarskap til musikken. Tonane dei produserte, var meir eller mindre «uregelrette» og skulle på den måten opna dører til den relativt utilgjengelege Valen-musikken.

— Men kva vil det i praksis seia at musikken hans er utilgjengeleg?

— Det tyder at musikken ikkje innfrir dei forventningane me har til kva me skal finna i musikken, seier Kolstad.

Han presiserer at utilgjengeleg musikk bryt med dei tradisjonelle oppfatningane ein har av kva musikk er.

Vårt indre

Annabel påpeikar at musikken ikkje treng å vera vakker for å kallast musikk. Ho refererer til ein uttale frå den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874-1951).

— Musikken skal ikkje vera vakker; han skal vera sann. Musikken skal spegla alle fasettane ved mennesket og alle sidene ved psyken vår, seier ho.

Dei to musikarane fortel at musikken til Valen, såkalla dissonerande polyfoni, er sann: Han skal reflektera den indre kjerna og det samansette kjensleregisteret i mennesket.

Powered by Labrador CMS