nyhende
Ordføraren overtydd om at ny E39 blir viktig for Sveio:
– Viktig å tenna håp og framtidstru
Tidleg laurdagsmorgon ved Vigdarvatnet. Ordførar André Mundal Haukås (H) trassar regnet. Han fyrer opp i bålpanna, brukar litt avispapir for å få det til å brenna. Ler litt medan han held på med dette.
– Her møter eg til intervju med Vestavind, og så startar med å setja fyr på avisa.
Det er ordføraren som har valt stad for intervjuet.
– Godt å koma ut frå kontoret innimellom, seier han medan han serverer kakao som han har med seg på termos.
Me skal snakka om den politiske kvardagen i Sveio. Om utfordringane og mogelegheitene som ventar i året som ligg framføre.
– Må lytta til dei unge
I lyset frå det flammande bålet fortel ordføraren mellom anna om eit fellesmøte som Sunnhordlandsrådet nyleg hadde med alle ungdomsråda i Sunnhordland. Det gjorde inntrykk.
– Det ungdommane minna oss på, var at dei kvar dag vaknar til eit nyhendebilde som er dominert av krig og konfliktar, klimakrise og miljøutfordringar. Kostnadene aukar og matvareprisane stig. Dei fortalte at dette går inn på dei. Fleire og fleire unge slit med psykisk uhelse. Nokon må gi oss håp, var ungdommane si utfordring til oss vaksne.
– Kva kan politikarane gjera i denne samanhengen?
– Eg trur me kan bli flinkare til å fortelja både ungdommane og kvarandre at dette fort kan gå godt! Det har vore krevjande tider før også. Det nye er vel at mediabildet, formidlinga av nyhende, er så mykje meir intens enn før.
– Prisauke opptar både unge og vaksne. I Politisk kvarter før helga blei Høgre-styrte kommunar skulda for å senda rekninga til innbyggjarane i form av avgiftsauke, stikk i strid med det som blei lova i valkampen. Gjeld det Sveio også?
Mykje av den debatten handla om eigedomskatt, og det har me jo ikkje i Sveio. Når det gjeld andre avgifter, blir dei i stor grad styrte av andre mekanismer. Elles trur eg me var varsame med å lova for mykje her i kommunen.
Nye E39
Planlegginga av nye firefelts E39 held fram og vil oppta sveiopolitikarane ein god del gjennom det komande året.
– Planane for ny E39 gjennom Bokn, Tysvær og Sveio blir det mykje arbeid med framover. Her er det store interessemotsetnader som kan bli vanskelege å handtera for politikarane. Samstundes må me sjå på dei mogelegheitane den nye vegen vil gi oss. Me blir knytte mykje tettare saman, og Sveio blir ein endå betre kommune å bu i også for dei som har arbeidsplassane sine litt lengre unna.
– Ikkje alle meiner at ny fireveltsveg vil vera til nytte for Sveio, berre for gjennomgangstrafikken?
– Me må sjå dette spørsmålet i lys at dei to store prosjekta Rogfast, som er under bygging, og Hordfast, som me er svært ivrige for å få plass. Det er venta at desse to prosjekta vil resultera i ein svært stor trafikkauke. Det vil bli veldig vanskeleg å takla denne trafikkauken med den vegstandarden me har på E39 gjennom Sveio i dag.
– Vil høyra på oss
– NRK har nyleg dokumentert ein nedbygging av norsk natur som er større enn mange hadde sett føre seg. Uroar dette deg med tanke på utbygginga av E39?
– Det var ganske oppsiktsvekkande å sjå det som kom fram i NRK-dokumentaren, og eit viktig perspektiv. Og ja, det vil gå med mykje areal til utbygging av firefeltsveg gjennom kommuen vår. Nå har kommunestyret bede planleggjarane om å ta mykje omsyn til verdiane som ikkje kan prissetjast. Som urørt natur. Og me har også gått innfor å leggja store delar av vegen i tunnel.
– Har du tru på at Statens vegvesen til sjuande og sist vil ta omsyn til Sveio sine krav, all den tid Vegvesenet på førehand signaliserte at dei vil ha minst mogleg i tunnel?
– Dei har jo samstundes sagt at dei vil ha samarbeid med lokale interesser. Det stolar me på. Og så må me rekna med mange turar over fjellet for å fremja våre interesser og krav. Jobben er på ingen måte gjort frå vår side enno.
Over 1.000 dokumentsider
Kommuneplanen er eit anna stort sakskompleks på sveiopolitikarane sitt bord denne våren.
– Nett no held me på med arealdelen. Måndag såg styringsgruppa (det vil seia formannskapet) på den totale arealreserven. Deretter kjem konsekvensutgreiingane, basert på innspel og faglege vurderingar. Her har rådmannen førebudd oss på saksdokument på over 1.000 sider. Så det vil ikkje mangla på lesestoff framover!
– Under valkampen sist haust snakka du og ditt parti, men også fleire andre, om å få til utvikling i alle bygdene. Vil kommunenplanen spegla dei lovnadene de då kom med?
– Det er absolutt intensjonen, ja. Så me me jo sjå på kva som kjem fram gjennom konsekvensutgreiingane. Statsforvaltaren skal også ha sitt ord med i laget. Me me vil ta heile kommunen i bruk. Det skal me få til!
Nedlegging av barnehage
– Kva tenkjer du då om at året starta med nyhende om nedlegging av Bua kultur- og friluftsbarnehage – midt i eit område som håpar på vekst og folketalsauke?
– Eg synst det er veldig trist. Barnehagen på Bua er ein del av mangfaldet av små og store, private og offentlege barnahagar i kommunen vår. Samstundes forstår eg kvifor det skjer. Barnetalet går ned., og tilskotsreglane for private barnehagar slår svært uheldig ut. Dette er noko eg vil spela inn til partiet sentralt med tanke på stortingsvalet og eventuelt regjeringsskifte neste haust. Ellers er det viktig for kommunen å behandla alle like. Det som er kjekt å sjå, midt oppi det heile er at bygda nå går saman for å snu alle steinar for å sjå kva dei kan gjera for å oppretthalda barnehagetilbodet på Bua.
Akuttberedskap
Som fersk ordførar er Haukås svært takksam for måten han er blitt tatt imot på av politikarar frå alle parti. Nyleg blei han også valt til styreleiar i Sunnhordlandsrådet, og i veka som gjekk leia han ein stor sunnhordlandsdelegasjon til møte på Stortinget.
Vegspørsmål sto sentralt også under samtalane i hovudstaden, mellom anna på bakgrunn av at rulleringa er Norsk transportplan er framskunda og truleg vil koma rundt påsketider. Men eit anna spørsmål som er viktig for alle sunnhordlandskommunane blei også tatt opp under oslobesøket.
– Det gjeld brann- og redningsvesenet, som i våre kommunar også har ei rekke utrykkingar i samband med akutt sjukdom og ulykker. Her er det stor skilnad mellom oss og bykommunar, der politiet og ambulansetenesta er mykje tettare på. Hos oss rykker brann og redning ut med hjartestartar og førstehjelp og bergar mange liv, men for reine helseoppdrag får me ikkje noko form for kompensasjon frå staten.
– Fekk de forståing for dette, og kanskje håp om regelendring?
– Eg trur i alle fall det gjekk opp for fleire at omfanget av sliket utrykkingsoppdrag er mykje større enn dei var klar over.