nyhende

I september 2020 møtte Vestavind Tove Stølsvik og Aina Christin Stokkenes-Skiftun på koronasenteret i Aksdal.
I september 2020 møtte Vestavind Tove Stølsvik og Aina Christin Stokkenes-Skiftun på koronasenteret i Aksdal.

Viktig å støtta dei som får positiv test

For mange er det krevjande å få vita at deira koronatest er positiv. Mange er redde for å smitta andre. – Berre det å vera i isolasjon frå resten av familien eller vener er belastande, seier Tove Stølsvik.

Publisert Sist oppdatert

I skrivande stund er det éin månad sidan siste positive koronatest frå Sveio, og det er ikkje usannsynleg at det vil dukka opp fleire positive testar frå vår kant i tida som kjem.

– Det å bli oppringt med bodskapen om at koronatesten din dessverre er positiv, er krevjande for dei det gjeld. Mange kjenner på ein redsel for om dei kan ha smitta nokon andre, seier Tove Stølsvik. Ho er helsesjukepleiar i Tysvær kommune, og er no tilsett på koronasenteret i Aksdal, der teststasjonen til sveibuen er.

Det blitt ein del slike telefonar frå koronasenteret i Tysvær. I 2020 var det 31 positive koronaprøvar av personar med adresse i Sveio. Mange som er smitta redde for å ha smitta andre. Det er ein krevjande situasjon.

Tenker mest på andre

– Berre det å vera i isolasjon frå resten av familien eller vener er belastande i seg sjølv. Ofte er det ikkje eigen helsesituasjon som bekymrar mest, men om dei kan ha påført andre smitte. Det er viktig å få fram at det å bli smitta er noko som skjer, og ingen ønskjer å komma i den situasjonen der dei har smitta nokon. Når dette først skjer, er det viktig å visa støtte og forståing ovanfor den som har blitt positiv, seier Stølsvik.

Flest er hjelpsame

Heldigvis ser dei mest at folk bryr seg, og er hjelpsame og støttande ovanfor den som få viruset.
– Alt av rykte og spekulasjonar kan vera svært krevjande for dei som er isolerte, det er ikkje noko dei treng i ein slik situasjon, seier Stølsvik, som oppmodar folk til å støtta kvarandre, med den avstanden som trengst – og halda ut litt til.
– Vaksinene blir sett fortløpande, og me har eit håp om en normal kvardag der framme, seier Stølsvik.

Powered by Labrador CMS