nyhende

Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM

— Viktig å få spaden i jorda

Ap og FrP framskundar investeringar i nytt badeanlegg og ny barnehage i sitt budsjett-føreslag. — Då kan ikkje eit nytt kommunestyre rote det til, seier gruppeleiar for Ap Håkon Skimmeland.

Publisert Sist oppdatert

Samarbeidet beståande av Ap og Frp i kommunestyret la fram sitt budsjettføreslag forrige veke.

Der går dei mellom anna inn for

• Støtte til dagleg leiar-stilling i Sveio IL (200. 000 kroner)
• Mogelegheitsstudie Ryvarden økt overnatting (250. 000 kroner)
• Støtte til omstilling bedrifter (100. 000 kroner)
• Digitalisering-løft for eldre (50. 000 kroner)

— Kva forventar dokker av heiltidsstilling for Sveio IL?

— Fokus på dagleg drift, god organisering av trening og sikring av reklameinntekter. Ei stilling som kan ta hand om heile sentral-idrettsanlegget, og nytt badeanlegg, seier Skimmeland.

Hastar å få spaden i jorda

Badeanlegg, ny idrettshall og ny barnehage er tre ting som vert framskunda i investeringsbudsjettet, og årsaka er Skimmeland tydeleg på.

Styrande koalisjon i kommunestyret vil framskunde nye prosjekt, så dei ikkje vert stansa om det kjem eit nytt kommunestyre.

— Eit nytt kommunestyre vil gjerne ikkje halde seg til tidlegare styre sine vedtak. Desse store investeringane er det viktig å få spaden i jorda på, og kome så langt at det ikkje er mogeleg å reversere, seier Skimmeland.

Han fryktar at om kommunestyret har endra seg etter valet til hausten, vil det bety at planane ikkje vert noko av.

— Då kan ikkje nytt styre rote det til. Dei er overmodne, desse prosjekta, og me har brukt meir tid enn me burde, seier Skimmeland.

Ein ny barnehage vil gjere kommunen meir attraktiv for tilflyttarar. meiner han, og kommunen kan nytte det gamle bygget til noko anna.

Sender signal med kutt

Samstundes ber dei rådmannen om å redusera budsjettet til Haugaland brann og redning (HBR) med ein halv million.

— Det er litt symbolpolitikk, seier Skimmeland.

HBR er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt der Sveio var førespegla fleire fordelar, mellom anna eit større fagmiljø, rimelegare drift og stordriftsfordelar.

— Status i dag er at det er dyrare enn nokon sinne. Det har ikkje gått heilt på skinner, seier Skimmeland.

Høgre med eigne føreslag

Lars Einar Hollund (H) kom med fleire endringsføreslag under formannskapsmøtet.

Han ynskja at ny barnehage skulle verte utsett til 2025, og at det setjast av 5 millionar kroner i 2024 og 17 millionar kroner i 2025 til ny Rophusveg.

— 2023 er ikkje året for å bruke meir pengar, sa Hollund under formannskapsmøtet.

Han vart støtta av både Monica Vandaskog Valen (Sp) og Jarle Jacobsen (Krf).

Forslaga hans vart ikkje stemt vidare, og tapte tre mot fire.

Ap og Frp sitt føreslag vart difor formannskapet si innstilling til kommunestyret.

Powered by Labrador CMS