nyhende
Vikse og Glennen byr på akustisk konsert
Vidar Vikse og Glenn Rand har funne saman, igjen. Resultatet er ein dobbelkonsert på Vigdarturn 6. mars med tittelen «Nært, kjært og personlig».
– Dette blir den første av ei rekke konsertar me har planar om på Haugalandet. Me kjem til å presentera eit utval av kvar våre låtar, nedstrippa til akustiske versjonar. Det blir ei lita reise gjennom den kreative prosessen og historia bak låtene, fortel dei to.
Vidar Vikse er musikar og låtskrivar frå Bryne, busett i Sveio sidan 2009. Vikse driv også Vikse Art, og har mellom anna fast spalte i Vestavind med teikningar i Smileholet.
Glenn Rand er opprinneleg få Hornindal i Nordfjord. Han budde først i Sveio 2020-2022, før han i fjor haust kom tilbake og slo seg ned på Ekrene. Til dagleg er han musikk- og kroppsøvingslærar på Hauge skule i Haugesund.
Møttest i 2016
Dei to møtte kvarandre første gong i 2016 og starta bandet Fjonk. Innimellom soloprosjekt har dei hatt diverse samarbeid som bandet Luminator og ein periode i Lystgass.
– Me skiftar prosjekt nesten like ofte som andre skiftar underbukser, seier Rand med glimt i auga.
Glennen, som er artistnamnet til Rand, gav ut album i januar. «Eit hjerteslag mindre» inneheld sju låtar i sjangerane vise, pop/rock og singer/songwriter.
– Tekstane var skrive til ho eg var trulova med før ho dessverre valde å forlata denne jorda i oktober i fjor. Det er eit album med gode melodiar, melodiøse gitarsoloar og personlege, ærlege tekstar, seier Glennen.
Tekstar på dialekt
I tillegg til å vera gitarist og melodikomponist i bandet Lystgass, har Vikse starta opp eit soloprosjekt med eige band som går under navnet Vidar Vikse and the Silly Seamen.
Han gav ut i fjor ut sommerlåten «Begynner å bli dårlig tid til å gjere denne sommeren uforglemmelig». Du kan høyra den her.
– Etter at eg i fjor vår endeleg blei modig nok til å skriva personlege tekstar på dialekt, har eg laga over 50 tekstar. Dei handlar om ting eg har lært gjennom livet sine ned- og oppturar, og kan forhåpentlegvis vera til inspirasjon for andre, seier Vikse.
Sjangermessig variere musikken frå rolege viser, til gladmelankolsk pop/rock, og med nokre lystige innslag av country og irsk.
– Onsdag er ein bra dag
Med så mange år bak seg som musikarar og låtskrivarar kunne dei halde på heile kvelden, men dei har også strippa ned talet på låtar, og skal framføra 14-15 av dei.
– Onsdag er kanskje ikkje den mest vanlege konsertdagen?
– Onsdag er ein bra dag fordi det er midt i veka og skjer ikkje så mykje anna. Og så kan ein etter konsertopplevinga sjå fram til at det ikkje er lenge til helg, smiler Rand.