nyhende

Vikingland-utviklarar tek Sveio kommune i forsvar

Odd Erik Salvesen og Terje Devold jobba begge i fleire år for Vikingland i Sveio. Dei kjenner seg ikkje att i beskrivinga korkje av ein kommune som brukte for lang tid eller at pengane var på plass.

Publisert Sist oppdatert

– Det vert putta bjøller på feil sau, seier Odd Erik Salvesen.

Han forklarar om tida han og Terje Devold var i prosjektgruppa for å få realisert Vikingland på Bjelland. Begge jobba gjennom selskapet Lufthamn Utvikling Vest Noreg og Devold var prosjektleiar for arbeidet deira mot Vikingland mellom 2016 og 2018.

Ikkje kommunen sin skuld

Salvesen kjenner seg ikkje att i påstandar om at finansiering var klar eller at Sveio kommune ikkje jobba raskt nok.

– Eg var berre veldig nøgd med Sveio kommune, korleis dei nytta ressursane sine og prioriterte prosjektet, seier han.

Saka vart først omtalt i Haugesunds Avis. Korkje han eller Devold meiner Sveio kommune berer skuld for at det ikkje vart noko av prosjektet.

– Me som jobba operativt med dette oppfatta ikkje kommunen som årsaka til det, seier han.

Framoverlente

Den tidlegare prosjektleiaren er samd.

– Me opplevde at Sveio kommune var framoverlente i prosessen. Det stoppa ikkje grunna dei, det stoppa grunna mangel på kapital, seier Devold.

– Men Geir Tore Henriksen, tidlegare styreleiar i Vikinglandet Utvikling AS, seier at pengane var på plass?

– Det kan godt vera han veit noko me ikkje veit, svarar både Salvesen og Devold når dei vert presenterte med sitatet til Henriksen i Haugesunds Avis.

Midlar tilgjengeleg ved behov

Til Vestavind seier  Geir Tore Henriksen at CS Investering AS stilte med nødvendig eigenkapital heile vegen, og midlar blei stilt tilgjengeleg etter behov. Sveio kommune hadde gjort vedtak om å stilla opp med ein del areal som tingsinnskot.

– Har du ein kommentar til at dei andre partane ikke var kjent med at pengene var på plass?

– Tingsinnskotet fra kommune kom ikkje på plass, og CS Investering AS dekka behovet for midlar

– Er du einig i beskrivinga av kvifor prosjektet ble forsinka?

– Der er eg einig i.

Tilfreds med Sveio kommune

– Kva for ein part synes du må bera hovedansvaret for at vikingparken ikkje ble noko av?

– At det blei brukt lang tid med avgrensa framdrift og med uklar progresjon for områderegulering, som var avgjerande for vidare fremdrift for prosjektet, samt at det ikke blei avklart i forhold til tingsinnskot frå kommunen, gjorde at prosjektet ikkje fikk meir grunnlag slik at det dermed blei avslutta, meinar Henriksen.

Han trekk fram at vikinghistoria har ei stor global interesse, samt at Haugalandet var eit sentral område for vikingane, var avgjerande for at CS Investering AS var villig til å bruka ressursar på dette.

– Formålet var å auka turismen på Haugalandet, som er blant landsdelane med den lavaste andelen turistar i Noreg. CS Investering AS var tilfreds med Sveio kommune i denne prosessen, men dessverre kom me ikkje i mål, og dette er no eit avslutta prosjekt for oss, seier Henriksen.

– Burde ha vore realisert

Kva som gjorde at det ikkje vart noko av trur Salvesen og Devold heller handlar om endringar hjå styret i Vikinglandet Utvikling AS, noko kommunalsjef for utvikling i Sveio kommune Kenneth Tollefsen, tidlegare også har sagt.

Både Salvesen og Devold nemner satsinga «The Viking Planet», eit digitalt museum som opphaveleg skulle koma først til Haugesund, men enda opp i Oslo kor det opna i 2019. I 2023 opna museet i Haugesund. Devold håpar nokon tek ideen om ein vikingpark vidare.

– Det var eit veldig spanande prosjekt, og eg har ofte tenkt at det burde ha vore realisert, seier han.

Salvesen meiner prosjektet berre vert meir og meir aktuelt, og viser til trafikkprognosar for framtida.

– Når me ser at cruiseturismen nærmar seg ein halv million årleg til området, og den kolossale fritidstrafikken på E134 på sommarhalvåret, så kunne me ha fått inn ein god del av dei til parken, seier han.

Powered by Labrador CMS