nyhende
Vi har auka forbruket av grønsaker – comeback for poteta
Vi et meir grønsaker og mindre raudt kjøtt, og det ser lysare ut for nordmenns kosthald. Men samtidig går det rett nedover med fisk og sjømat.
Utviklinga i norsk kosthald er ein årleg rapport som blir gitt ut av Helsedirektoratet. Rapporten viser utviklinga i kosthaldet over tid og er basert på årlege tal for matforsyninga i landet til og med 2024.
Hovudtrekka viser at engrosforbruket av grønsaker, matpoteter, kvitt kjøtt, heilmjølk, yoghurt, ost og smør aukar. Andelen fullkorn går også oppover, medan forbruket av fisk går nedover. Forbruket av raudt kjøtt er også på sitt lågaste på over 25 år.
– Vi er svært fornøgde med at vi no ser ei endring i forbruket av grønsaker. Å ete meir grønsaker, saman med meir frukt, bær og grove kornprodukt, er noko av det viktigaste ein kan gjere for å ha eit sunt kosthald, seier helsedirektør Cathrine Lofthus i ei pressemelding.
Ho viser til at forbruket av sammale mjøl har auka, og at det er positivt at vi har auka inntaket av grove kornprodukt.
Poteta
Den gode gamle poteta har gjort comeback, både som del av potetprodukt, men også som potet i seg sjølv.
For ti år sidan brukte vi 25 kilo potetprodukt kvar i året, medan vi i dag bruker 33,4 kilo. Bruk av matpoteter har auka med nesten 5 kilo frå 2023 til 2024. Når vi slår saman potetprodukt og matpoteter, åt vi totalt 51,2 kilo i 2024. Så sjølv om vi et mindre matpoteter i dag enn for ti år sidan, har det vore eit kraftig hopp det siste året.
– Vi som forskar på forbrukarane, er ikkje overraska over at utviklinga viser at vi bruker meir grønsaker. Det er løk, gulrøter og tomatar som aukar – og poteter, seier forskar Annechen Bahr Bugge i Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved Oslomet til NTB.
Ho fortel at på 90-talet var potet veldig utrendy, samtidig med at folk hadde meir pengar og betre råd. Då var det pasta og asiatisk mat som var i vinden.
– No har potetene fått eit comeback. På marknaden har det komme fleire nye typar poteter, eller ein kan få bitte små poteter. Det er lett å lage poteter. Ein kan bake eller bruke airfryer, og det går raskt å koke poteter, seier forskaren.
Debatt om mat
Likevel meiner helsestyresmaktene våre at det framleis er utfordringar. Spesielt dette at vi et mindre fisk og sjømat. Dei siste ti åra har forbruket gått ned 18 prosent, og berre det siste året har forbruket gått ned 2 prosent.
På spørsmål om kva som er utfordrande med å ete meir fisk, seier over halvparten at fisk er for dyrt, ifølgje Helsedirektoratet. Vi ser samtidig at konsumprisindeksen for fisk har auka med 63 prosent sidan 2015.
Forbruket av grønsaker går opp, og raudt kjøtt går ned, men likevel er vi eit stykke unna kostråda som vi bør følgje, ifølgje Norkost 4-rapporten. Vi veit også at tilliten til kostråda fekk ein liten knekk mellom 2023 og 2024, medan tilliten har halde seg stabil i 2025. Det viser ei undersøking om kjennskapar og tillit til dei nye kostråda.
– Kostråda har vore mykje diskutert og debattert dei siste åra. Det er mange som vil meine noko om kva som er eit sunt kosthald. At tilliten har halde seg stabil i denne perioden, samtidig som vi ser ein auke i kjennskapen, ser vi på som veldig positivt, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.