nyhende

Ei ny undersøking viser at foreldre på Vestlandet slit meir med å få barna til å ete grønt enn nokon annan plass i landet.

Vestlandsungar mest kresne i landet

Ei ny undersøking viser tydelege geografiske forskjellar i kor enkelt det er å få barn til å ete grønsaker. Vestlandsforeldra reknar ungane sine som meir kresne enn foreldre i resten av landet.

Publisert

– Eg synest det er veldig rart at ungane i multikulturelle Oslo likar potet betre enn ungar på Vestlandet. Det har eg rett og slett ingen god forklaring på.

– Eg synest det er veldig rart at ungane i multikulturelle Oslo likar potet betre enn ungar på Vestlandet. Det har eg rett og slett ingen forklaring på, seier Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda.

Kari Ryslett, som er førstelektor i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, er nett blitt presentert for ei ny og landsrepresentativ undersøking som viser klare geografiske forskjellar i kor enkelt eller vanskeleg det er å få barn til å ete grønsaker. Undersøkinga er gjennomført av Ipsos på vegner av Bama.

530 foreldre med barn i alderen 2 til 13 år vart spurde om å vurdere fjorten ulike grønsaker og kor enkelt det er å få barna deira til å ete dei på ein skala frå 0 til 10. Grønsaker som fekk ein skår mellom 7 og 10 vart definerte som «enkle» å servere ungane.

Resultata viser tydeleg at foreldra på Vestlandet slit meir med å få barna til å ete grønt enn nokon annan plass i landet. På Austlandet utanom Oslo opplever i snitt 50,7 prosent at alle dei fjorten grønsakene er enkle å servere. I Oslo rapporterer 47,4 prosent at dei er enkle, og Midt-/Nord-Noreg ligg rett bak.

På Vestlandet er det derimot berre 44,3 prosent av foreldra som fortel at det er lett å få ungane til å ete dei 14 grønsakene.

– Ofte kan slike preferanseskilnader henge saman med skilnader i inntekt og utdanning, men det kan ein ikkje lese ut frå denne undersøkinga. Resultata er difor vanskeleg å tolke eller forstå, seier Ryslett, som har ein master i samfunnsernæring og sjølv har forska mykje på barn og måltid.

– Foreldre på Austlandet utanom Oslo rapporterer altså jamt over at det er enklare å få ungane til å ete grønsaker. Kanskje det har noko med at dei bur i utprega jordbrukskommunar? resonnerer Ryslett til Nynorsk pressekontor.

Ho humrar litt.

– Samstundes er jo frukt og grønt like tilgjengeleg i butikkane alle stader. Kanskje det berre er vestlandsforeldra som opplever at ungane er meir kresne enn dei faktisk er ..?

Oppsiktsvekkjande skilnad

Ifølgje rapportane til vestlandsforeldra, likar ungane deira 9 av dei 14 grønsakene aller minst. På Vestlandet er det til dømes berre 57 prosent seier det er enkelt å få ungane til å ete den nemnde poteta. I Oslo er talet 67, medan det på Austlandet utanom Oslo er 70 prosent. I Midt- og Nord-Noreg svarar derimot 74 prosent at det er lett å få ungane til å ete potet.

Gulrot er mest populært i Midt- og Nord-Noreg (81 prosent) og minst populært blant ungane på Vestlandet (73 prosent). Squash fell greitt i smak hjå 27 prosent av Oslo-ungar, men berre hjå 13 prosent av ungane i vest. Slik held det fram. Mais er mest populært i Oslo og på resten av Austlandet (79 prosent) og minst likt på Vestlandet (70 prosent). Det same gjeld agurken. Han er best likt hjå ungar på Austlandet utanom Oslo (85 prosent) og minst likt blant vestlandsungar (72 prosent).

Gulrot er mest populært i Midt- og Nord-Noreg (81 prosent) og minst populært blant ungane på Vestlandet (73 prosent).

Unnataka er brokkoli, blomkål, salat, lauk og spinat, der det er ungar frå andre plassar enn Vestlandet som er minst begeistra. Vestlandsungane er derimot ikkje mest begeistra for nokon av dei 14 grønsakene.

Leiar for analyse og innsikt i Bama, Sigrun Høvik, har heller ingen fasit på dei geografiske skilnadene:

– Undersøkinga svarer ikkje på kvifor det er vanskelegare å få barna på Vestlandet til å ete grønt enn i resten av landet. Det kan komme av både matkultur, forventningar eller korleis foreldra sjølv vurderer matsituasjonane. Forskjellen er uansett så tydeleg at han er vanskeleg å oversjå, seier Høvik.

Ho peikar samstundes på at det er fleire mindre byar på Austlandet enn på Vestlandet. Befolkingssamansetninga i byar er i tillegg meir samansett og påverkar i sin tur matkulturen og interessa for grønt. I tillegg er det gjerne høgare inntektsgrupper også i dei mindre byane, seier ho til NPK.

– Det er oppsiktsvekkjande at Vestlandet ligg lågast nesten uansett kva grønsak vi ser på, seier analysesjefen i Bama.

– Den viktigaste faktoren er foreldra si interesse for eit sunt kosthald og for matlaging.

– Men det er oppsiktsvekkjande at Vestlandet ligg lågast nesten uansett kva grønsak vi ser på. Det viser at foreldra der reknar barna sine som meir kresne enn resten av landet.

Rått er godt

Ifølgje Kari Ryslett er den beste tida å lære eit barn å like ny mat, frå dei er seks månader til halvtanna år gamle. I denne perioden står smaksvindauget deira ope, og barnet vil akseptere det meste av maten det blir presentert for. Frå 18 til 24 månaders alder går derimot mange ungar inn i ein fase med større skepsis. Det er difor viktig å utvikle aksept for ulike smakar før dette skjer.

– I dei fleste barnehagar er det no tilbod om frukt og grønsaker til nesten alle måltid. Det er bra, for då får ikkje ungane berre mengdetrening, men også fleire rollemodellar. I barnehagen kan dei sjå både vener og andre vaksne ete, seier Ryslett.

Frå barn er seks månader til halvtanna år vil dei akseptere det meste av mat. Frå 18 til 24 månaders alder går mange ungar inn i ein fase med større skepsis. Det er difor viktig å utvikle aksept for ulike smakar før dette skjer.

Frå før har forskarane slått fast at jenter er meir tilbøyelege til å ete frukt og grønt enn gutar. Ryslett minner uansett om at ungar kan slite med å ete ei heil frukt eller grønsak, og at trikset er å dele det opp i mindre bitar som ser delikate og appetittlege ut.

– Alle smakar må lærast, og alle barn kan ete all mat. Barn bør få både salt, surt, bittert og umami og ulike konsistensar. Ofte må ein faktisk prøve mellom fem til 15 gonger før barnet aksepterer ny mat og nye smakar, seier Ryslett.

Bama-undersøkinga viser også at grønsaker som kan etast rå, er enklast å få ungane til å ete. Agurk og gulrot toppar lista.

– Ein bolle med oppkutta, rå grønsaker kan vera meir effektivt enn ein komplisert rett der ein må treffe perfekt på tillaginga, seier Sigrun Høvik.

– Mange foreldre trur dei må «trylle» med avanserte oppskrifter for å lukkast. Tala viser det motsette. Også søte smakar som mais og paprika treff smakspreferansane til ungar godt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS