nyhende

Idrettshistorikar:

Kjell Storelid tok to sølvmedaljar under OL på Lillehammer i 1994. Her frå då han tok sølv på distansen 100 meter hurtigløp. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NP
Kjell Storelid tok to sølvmedaljar under OL på Lillehammer i 1994. Her frå då han tok sølv på distansen 100 meter hurtigløp.

Vestlandet har hevda seg godt i vinter-OL

Vestlandet kan verke å vere i skuggen av Trøndelag og Austlandet i vinteridrett, men idrettshistorikar Matti Goksøyr seier landsdelen historisk har hevda seg godt i dei olympiske vinterleikane.

Publisert Sist oppdatert
81 nordmenn deltek som utøvarar i dei olympiske vinterleikane i Beijing. Ti av desse er frå Vestlandet.

Landsdelen blir ikkje alltid sett på som like stor innan vinteridrett som Trøndelag eller Austlandet, men idrettshistorikar Matti Goksøyr ved Noregs idrettshøgskole seier vestlendingane har historikk for å hevde seg i vinterleikane.

– Vestlandet blir ofte sett på som utsida av Noreg frå Trøndelag og Austlandet når det gjeld vinteridrett. Det blir ofte ein sensasjon når ein vestlending hevdar seg i OL eller VM, men tenker ein over det, har Vestlandet hevda seg rimeleg bra i vinterleikane, både før og no, seier Goksøyr til Nynorsk pressekontor.

Medaljebygda Voss

Goksøyr nemner Liv-Grete Skjelbreid, Kjell Storelid, Kristen Skjeldal og Jon Istad når han blir spurd om namna på nokre av dei store vestlandsheltane i vinter-OL dei siste 50 åra.

Skjelbreid kjem frå Hålandsdal i Fusa og tok eit individuelt sølv og eit stafett-sølv i skiskyting under OL i Salt Lake City i 2002. Ho har også seks individuelle VM-medaljar i skiskyting.

Kjell Storelid frå Stord vann to sølv i skøyter under OL i Lillehammer i 1994.

Kristen Skjeldal frå Voss var på stafettlaget som vann OL-gull i langrenn i 1992 og 2002. Jon Istad var òg frå Voss og tok sølv i stafett i skiskyting under OL i 1968.

Frå før har Voss blitt omtalt som medaljebygda. I tillegg til Skjeldal og Istad kjem Kari Traa, Eirik Kvalfoss, Egil Gjelland og Lars Bystøl frå den vesle bygda aust for Bergen. Til saman har desse seks vossingane sju gullmedaljar, fire sølvmedaljar og fem bronsemedaljar i OL.

Mildvêr og skøyteføre

Utanom Voss er det langt mellom medaljane på Vestlandet, men spesielt i skiskyting og skøyting har vestlendingane utmerkt seg. Goksøyr seier det kjem av ei blanding av naturlege føresetnadar.

– Det er ikkje mykje snø i Bergen, heller ikkje i Ålesund eller Stavanger og andre ytre delar av Vestlandet. Vi har derimot mange fjell med snø og fine alpinanlegg i indre delar som legg til rette for at vi kan kome oss dit snøen er.

– Det har vore interesse for skøyter på Vestlandet i lang tid. Det kan ha noko med at det ofte er dårlege snøforhold, men at isen blir liggjande lenge. Dette har gitt oss ein tilknyting til skøyting, som vi også ser no når det blir bygd fleire kunstisanlegg i Bergen og rundt Stavanger.

Håp og lykke

Goksøyr er sjølv frå Bergen og har eit håp om at Håvard Holmefjord Lorentzen skal gjere som i 2018 då han tok både gull og sølv.

– Det er sjeldan ein bergensar tek gull i eit vinter-OL. Han ser ikkje ut til å vere i like god form i år, og eg er ikkje sikker på at vi kan vente oss ei ny bragd som den i 2018, men det hadde vore artig om det skjedde.

Han hadde òg eit håp om at begge Bø-brørne skulle ta medalje i skiskyting. Allereie 5. februar blei det håpet innvilga, då brørne starta medaljesankinga med å gå inn til gull på 4 x 6 kilometer blanda stafett saman med Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff.

Goksøyr ser òg på Sebastian Foss Solevåg som ein av favorittane til å ta medalje i alpint.

Sommarsuksess

Om Vestlandet blir sett på som i skuggen av Austlandet og Trøndelag i vinteridrett, er det motsett med sommaridrett.

Fire av fem som vann gull for Noreg i sommar-OL i 2022, var frå Vestlandet: Karsten Warholm (Møre og Romsdal), Jakob Ingebrigtsen (Rogaland), Anders Mol (Vestland) og Kristian Blummenfelt (Vestland), kjem frå Vestlandet. Anders Mol vann OL-gullet i sandvolleyball med Christian Sørum frå Rælingen som makker.

Goksøyr seier vestlendingar ikkje bør bli vande med OL-suksessen i 2021.

– Så bra som det gjekk i fjor, kan ein ikkje rekne med vil halde fram. Det var eit fantastisk samantreff av god trening, gode talent og gode enkeltmiljø omkring.

Dette er vestlendingane som deltek i OL i Beijing:

Møre og Romsdal: Ragnhild Mowinckel (Molde) og Sebastian Foss Solevåg (Ålesund). Begge i alpint.

Vestland: Sjur Røthe (Voss) i langrenn, Johannes Thingnes Bø (Stryn) og Tarjei Bø (Stryn) i skiskyting, Julie Nistad Samonsen (Bergen), Sverre Lunde Pedersen (Bergen) og Håvard Holmefjord Lorentzen (Bergen) i skøyter.

Rogaland: Peder Kongshaug (Stavanger) og Marit Fjellanger Bøhm (Stavanger) i skøyter begge to.

(©NPK)

JMatti Goksøyr er professor i idrettshistorie ved Noregs idrettshøgskole. Pressebilete: NIH
Liv Grete Skjelbreid frå Hålandsdal har to sølvmedaljar og ein bronse frå OL. Her frå OL i Salt Lake City i 2002.
Kjell Storelid tok to sølvmedaljar under OL på Lillehammer i 1994. Her frå då han tok sølv på distansen 100 meter hurtigløp.
Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø frå Stryn vann gull i skiskyting 4 x 6 kilometer blanda stafett saman med Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff under vinter-OL i Beijing 2022.
Powered by Labrador CMS