nyhende
Vestlandet går regntunge dagar i møte
Det kan vere greitt å ha både regntøy og paraply i nærleiken ut veka. Meteorologane varslar regn over heile landet, og aller mest på Vestlandet.
Det ligg dermed an til at dei fleste vassmagasina vil fylle seg litt opp, som kan vere ei lita trøyst medan regnet høljar ned.
– Det vil bli noko påfyll overalt, men som oftast er det Vestlandet som står først i køen. Lågtrykka treffer ofte Vestlandet først og bevegar seg anten austover eller nordover, seier meteorologen.
Ho fortel at dei aller fleste går ei våt tid i møte og at det gjeld å nyte opphaldsvêret medan ein har det.
Skalk lukene
På Austlandet og Sørlandet blir det dagar med skiftande vêrtype – ikkje heilt ulikt resten av landet. Både torsdag og fredag startar med regnbyer, før det blir noko lettare vêr utover dagen.
Her vil laurdagen sparke i gang helga med opphald, før det kjem ein ny front med nedbør sørfrå. Same vêrtype kan ein vente seg søndag. Dermed får både Austlandet og Sørlandet sin del av nedbøren i helga.
Ikkje heilt uventa vil brorparten av nedbøren komme over Vestlandet.
– Her vil det kunne komme 100–200 millimeter fram til måndag, så skalk lukene – og fram med regntøyet, skreiv Meteorologene på Twitter tysdag.
– Ganske vått
– Der blir det ein god del nedbør, seier Vågane om vêret på Vestlandet. Det er torsdagen som ser mest lovande ut for vestlendingane.
– Torsdagen startar med enkelte byer, men utover dagen ser det ut som det blir ganske fint og periodar med sol, seier meteorologen.
Men der stoppar også dei gode nyheitene, for inn mot helga blir det igjen ganske grått og vått. Fredag kjem det nedbør som blir med over til laurdag.
– Ikkje nødvendigvis samanhengane heile helga, men det er fleire frontar og lågtrykk som gjer det ganske vått, seier Vågane.
Vêrvinnaren
I den grad ein kan kalle nokre vêrvinnarar, er det Møre og Romsdal og Trøndelag som kjem nærast. Torsdag startar rett nok med noko nedbør, men ifølgje meteorologen vil det bli lettare vêr utover dagen.
– Fredag blir det frålandsvind og periodar med sol, fortel ho.
Møre og Romsdal kan få litt av den nedbøren som treffer Vestlandet, men då eventuelt natt til laurdag. Laurdag er det venta periodar med sol.
– Det kan komme ein og annan periode med regn, då eventuelt sør i Romsdal. Men for Trøndelags del ser det lovande ut, seier Vågane.
– Vått både her og der
Nordland, Troms og Finnmark skil seg ikkje ut frå mengda. Også her er det av og på med nedbør torsdag. Ifølgje meteorologen vil det lette noko opp fredag, men det er fare for noko regn i ytre strøk og i Finnmark.
– Men det ser ut som det kan bli ganske fint for store delar av Nordland og Troms fredag, seier Vågane.
Laurdag kjem det ein ny front med regn sørfrå. Dette vil starte i Nordland og bruke lang tid før det treffer Troms og Finnmark, som då kan få ein fin start på laurdagen.
– Utover søndagen trekkjer fronten nordover og då kan Nordland få greitt vêr. Men generelt sett er det av og på med nedbør også her. Det blir vått både her og der, avsluttar meteorologen.
(©NPK)