nyhende
– Vestlandet er perfekt for opne bilar, trass vêret
For ti år sidan var 1 prosent av alle nybilane i Noreg cabrioletar. No er det berre ein liten promille av bilane som har ope tak. Likevel er det mange som drøymer om ein av desse sommarlege køyretøya – og på Finn er det mange som har nettopp cabriolet som søkjeord.
Dei siste 20 åra har talet på selde cabrioletar gått sakte men sikkert nedover. Fleire ser ut til å velje meir fornuftig i det vêrutsette landet vårt og mange peikar på at folk no heller føretrekkjer elbil som bil nummer to eller tre.
Berre 24 nye bilar
Ein som følgjer bilsalet og marknaden tett er journalist Odd Erik Skavold Lystad i Bilbransje24.
– Det er synd at det er blitt så få cabrioletar igjen for dette er jo ein så koseleg bil. Hittil i år er det berre selt 24 nye cabrioletar her i landet, så dette er ein liten bilskatt som nesten er i ferd med å forsvinne. Før var det fleire billege modellar å velje mellom, men no er det berre Mazda 5X igjen i den kategorien, seier han.
Biljournalisten peikar på at det store salet av elbilar er noko av årsaka til tilbakegangen for cabrioleten, men peikar også på økonomisk stramme tider.
– Forbrukarane er meir medvitne og mange har fått dårlegare råd den siste tida og då er det vanskelegare å velje seg ein slik «egobil».
Fargeklatt blant fjord og fjell
Ein som i mange år har unna seg luksusen det er å ha ein open bil, er pensjonisten Åge Skrede. Men turane er blitt sjeldnare og han har også fleire bilar som treng stell, så no har han lagt doningen ut for sal.
– Det blir nok litt tungt å skilje seg med Mazdaen, men det er ei tid for alt. No vil eg heller at andre skal overta den knallgule bilen min og bruke han meir enn det eg har gjort den siste tida. Men eg har god tid og sel ikkje før eg får den riktige prisen, seier Skrede. Han håpar mest på at ein annan sogning skal kjøpe bilen slik at den framleis blir å sjå i nærområdet rundt Balestrand.
Cabrioleteigaren oppheld seg i eit område som mange entusiastar meiner er det beste – trass i at regndagane kan bli mange.
– Vestlandet er perfekt for å køyre sakte i opne bilar og sjølv om eg ikkje har hatt eigen bil, så har eg testa mange bilar langs fjord og fjell i blant anna Sogn og Fjordane. Ingenting gir deg meir merksemd blant folk på ferjekaien enn ein flott cabriolet. Då kjem du i snakk med sjølv den tausaste vestlendingen, seier Lystad i Bilbransje24 som sjølv er vestlending.
– Sjølv gyllelukt blir idyllisk
Ein som også er bekymra for cabrioletnedgangen er bilteknisk konsulent i NAF, Benny Christensen.
– Det er dramatiske tal, men heldigvis er det mange flotte bilar å finne på bruktmarknaden. Vi nordmenn er ganske praktiske når det gjeld bilkjøp og mange vil helst ha ein SUV til å køyre til hytta med og ein elbil til bykøyringa, då er det ofte ikkje meir pengar igjen til eit leiketøy som dette, seier han.
Sjølv har han ikkje cabriolet for tida, men har hatt både Golf og Triumph av open type, og er ein stor entusiast.
– Når forholda ligg til rette for det og du er tett på fuglekvitter og natur er det til og med greitt med litt møkkalukt når bonden gjødslar, seier Christensen.
Han får støtte frå tidlegare journalist Ingebjørg Sæbu, som nyleg var på tur i Nice i Frankrike med ein leigd raud Mustang.
– Det er noko eige med å køyre med open bil, du kjem så nær både menneske og natur. Vi kvinner må bruke meir pengar på ting som gir glede.
– Så vi bør heller bruke pengar på cabriolet enn Botox?
– Ja, det er eg heilt samd i. Kanskje eg skal byrje å arrangere turar med cabriolet for eventyrlystne damer, undrar ho?