nyhende

Vestland er best i valdeltaking

Trass i at valdeltakinga ved det førre kommunevalet var rekordhøgt, stemde ikkje ein tredel av dei med stemmerett. Valforskar seier kommunane har eit grundig arbeid å gjere før kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten.

Publisert Sist oppdatert

Fylkesvis valdeltaking i 2019 i prosent

  • Vestland: 68,0
  • Oslo: 67,6
  • Trøndelag: 65,9
  • Rogaland: 65,0
  • Agder: 64,9
  • Nordland: 63,6
  • Innlandet: 63,3
  • Viken: 63,2
  • Møre og Romsdal: 63,0
  • Troms og Finnmark: 63,0
  • Vestfold og Telemark: 62,2

Innbyggjarane i Vestland fylke er best i å stemme ved kommunestyre- og fylkestingsval. Slik var det i alle fall i 2019. Då var deltakinga i fylket på 68,0 prosent av alle med stemmerett. Det var 0,4 prosent betre enn i Oslo på andreplass og 7,8 prosent betre enn Vestfold og Telemark, som med 62,2 prosent låg i botn av lista over valdeltakinga i dei ulike fylka.

På landsbasis var det til saman 64,8 prosent av dei som kunne stemme, som gjorde det ved førre kommunestyre- og fylkestingsval. Det betyr at meir enn ein av tre ikkje brukte stemmeretten sin.

Johannes Bergh er valforskar ved Institutt for samfunnsforskning. Han seier kommunane med høg valdeltaking ofte har til felles ei befolkning med høg utdanning og eit val der konkurransen mellom partia og sakene deira er i ein aktiv politisk diskusjon.

— Det er viktig at politikken betyr noko for dei som skal stemme, og at ein har saker som blir snakka om i kommunen, seier Bergh til Nynorsk pressekontor.

Store og små

Storleikenpå kommunen har derimot ikkje så mykje å seier for om det er høg eller låg valdeltaking. Nokre stader har likevel skapt ein kultur som gjer at fleire går til valurnene.

— Stadane der flest brukar stemmeretten, har ofte hatt det slik over lengre tid. Det blir nesten som sosialt press, folk ser kvarandre når dei skal gå og stemme, og veit om kven som ikkje stemmer.

Til dømes hadde kommunen Kvitsøy i Rogaland høgast valdeltaking i landet i 2019. Der stemde 85,1 prosent av personane med stemmerett. Det var 28,9 prosent fleire enn i Alta, som var på botn av lista med 56,2 prosent.

Dei fire andre kommunane med høgast valdeltaking var Leka kommune i Trøndelag med 82,7 prosent, Utsira i Rogaland med 82,7 prosent, Fedje i Vestland med 82,5 prosent og Bindal kommune i Nordland med 80,6 prosent.

I dei større kommunane på Vestlandet var det 68,1 prosent som stemde i Bergen det same året, 66,1 prosent i Stavanger, 67,3 prosent i Sunnfjord og 60,8 prosent i Ålesund.

I førre lokalval var valdeltakinga høgast i Vestland, medan innbyggjarane i Møre og Romsdal var dei tredje dårlegaste til å bruke stemmeretten sin.

Trynefaktor

Bergh seier det er politikarane som stiller til val som har det største ansvaret for å sørgje for høg valdeltaking, saman med media.

— Det er dei som skal gjere det klart at det er val, får fram kva saker som utgjer forskjellane mellom partia og den praktiske informasjonen om korleis folk stemmer. Dei må spesielt nå ut til dei gruppene som vanlegvis ikkje stemmer – som dei unge og dei med innvandrarbakgrunn.

For fire år sidan byrja Instituttet for samfunnsforsking eit valforskingsprosjekt om lokalvalet, «Lokalvalgsundersøkelsen» 2019 og 2023. Det skal vere ein omfattande veljarstudie om kva haldningar og saker som var viktige for veljarane ved dei to lokalvala, kva dei stemde og korleis tilliten er til politikarane. Resultatet frå 2019 blei til boka «Lokalvalget 2019: Nye kommuner – nye valg?»

— Det ser ut som personfokuset blir viktigare. Stadig fleire vektlegg kva person dei stemmer på, og i mindre grad partiet politikaren representerer, seier valforskar Johannes Bergh.

Valdeltaking i Noreg, Sverige og Danmark

I 2021 var den norske valdeltakinga til stortingsvalet på om lag 77 prosent.

Valdeltakinga er god i Noreg samanlikna med andre europeiske land, men ikkje om vi ser til dei skandinaviske naboane våre.

I Sverige var valdeltakinga på 84,2 prosent i fjor. Svenskane har éin valdag kvart fjerde år, der dei stemmer på riksdag, fylke og kommune same dagen.

Etter stortingsvalet i Danmark i fjor var overskriftene prega av at det var nedgang i valdeltaking. Berre 81,4 prosent av dei med stemmerett deltok det året.

Powered by Labrador CMS