nyhende
Vestavind utvidar nyheitstilbodet
Vestavind og Nynorsk Pressekontor (NPK) har inngått ein avtale som sikrar lokalavisa sine lesarar oppdaterte nasjonale nyheiter på nynorsk.
Du har kanskje merka det allereie, at det har dukka opp nasjonale nyheiter i lokalavisa Vestavind. I ei vekes tid har avisa testa ut nyheitstilbodet frå Nynorsk pressekontor (NPK). No blir tilbodet permanent, for alle som er abonnentar Vestavind.
Skal halde lesarane oppdatert
Måndag inngjekk Vestavind og Nynorsk Pressekontor (NPK) ei avtale som sikrar Vestavind-lesarane oppdaterte nasjonale nyheiter og featureartiklar på nynorsk, i første omgang ut 2022.
— Avtalen er viktig for at Vestavind skal kunne halde lesarane oppdaterte på nasjonale nyheiter, samstundes som vi kan bruke våre ressursar på å lage lokale nyheiter. Spesielt i tider som no, kor vi står midt i ein alvorleg pandemi, er det viktig at også Vestavind kan halde sine lesarar oppdaterte med rask og god nyheitsdekking av den nasjonale utviklinga, seier ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen i Vestavind.
Han legg vekk på at det framleis er dei lokale sakene frå Sveio som skal vege tyngst i Vestavind sine prioriteringar.
— Men Sveio er ein del av ei stor verd, og mykje som skjer utafor kommunen og regionen har direkte innverknad også på sveibuen sitt liv. Difor meiner eg det er rett av Vestavind å bruke ressursar på å utvide nyheitstilbodet på denne måten, seier Nymoen.
Samarbeid med NTB
Nynorsk Pressekontor (NPK) har eksistert sidan 1969, då Stortinget løyvde pengar til å starte eit nyheitsbyrå som skulle få meir nynorsk inn i avisene.
NPK dekker nasjonale saker allmenn interesse, samtidig som dei har eit eige auge for distrikta. Dei skriv om jordbruk, fiske og fangst, industri, reiseliv, samferdsel, kultur og underhaldning, organisasjonsliv og politikk. I tillegg skriv NPK om språk generelt og nynorsk spesielt. Gjennom eit samarbeid med Norsk Telegrambyrå (NTB) leverer dei også viktige internasjonale nyheiter og sport.
— Vi håpar og trur at det utvida nyheitstilbodet er noko både eksisterande og nye abonnentar av Vestavind vil sette pris på sier, redaktøren.
NPK-stoffet vil i hovudsak bli distribuert på Vestavind si nettavis, men kan også bli å finne i papirutgåva.