nyhende

Dagleg leiar Susanne Lie Vallestad (t.v.), ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen og nytilsett journalist Gunnhild Lønning gleder seg over gode tal for Vestavind.FOTO: SUSANNE LIE VALLESTAD
Dagleg leiar Susanne Lie Vallestad (t.v.), ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen og nytilsett journalist Gunnhild Lønning gleder seg over gode tal for Vestavind.

Vestavind i medvind

Pandemien har gjeve lokalavisene eit oppsving – Vestavind er éi av dei.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag presentere Mediebedriftenes Landsforbund (MBL) og Landslaget for lokalaviser opplagsutviklinga for medlemsverksemdene sine for andre halvår i 2021.

Solid framgang

Dén viser at Vestavind for andre gong på rad kan visa til ei særs positiv utvikling. Netto opplagsauke for avisa vart 54, og Vestavind fekk eit godkjent opplag på 1596 eksemplar.

Mange aviser merkar for alvor at lesarane vert meir digitale. I Vestavind har talet på reine digitale abonnentar meir enn dobla seg, frå 74 til 156 på berre eitt år.

Talet på såkalla komplett-kundar, som har både papiravis og digital tilgang, gjekk ned frå 1433 til 1406. Det er ei utvikling som dei aller fleste norske avisene ser.

— Dette er særs gledelege tal for oss i Vestavind, seier ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen.

Han legg til at avisa får mange gode tilbakemeldingar frå lesarane våre.

— Mange er spesielt nøgde med den digitale satsinga me har no. Det er tydeleg at sveibuen no bruker nettavisa til Vestavind til å halda seg oppdatert, fyrst og fremst på lokale nyhende – men også på viktige nasjonale nyhende som me no tilbyr gjennom eit nytt samarbeid med Nynorsk pressekontor (NPK).

Han synest det er hyggjeleg at òg mange andre lokalaviser opplever framgang.

— Det er tydeleg at betalingsviljen for lokale nyhende er god. Det viser også at lokalavisene har ei viktig rolle i mindre samfunn, kor regionale og nasjonale aviser ikkje har kapasitet til å vera til stades i like stor grad, seier han.

Sunn økonomi

Han legg til at det vert jobba godt på salssida i Vestavind. For i tillegg til positiv opplagsauke viser den førebelse rekneskapen for 2021 ein solid auke i salsinntekter samanlikna med året før. Ein auke i den statlege pressestøtta – og 30.000 i kompensasjonsmidlar i samband med koronapandeminen – medverka med til saman 50.000 kroner i fjor.

Resultat før skatt ser ut til å enda på like under 200.000 kroner. Det er ei betring på nesten 300.000 kroner frå året før.

Fleire i medvind

Også i nærområda til Vestavind er det fleire aviser som opplever framgang. Blant dei 12 avistitlane i Haugaland, Sunnhordland og Ryfylke er det berre Haugesunds Avis (-349), Kvinnheringen (-247) og Ryfylke (-18) som har tilbakegang i netto opplag.

Tabellen under syner elles at storparten av lokalavisene i regionen har hatt eit oppsving i laupet av koronatida.

Opplagstala frå LLA viser at bygdebladet Vestavind i Sveio er i frammarsj.

Generalsekretær i LLA, Thomas Bruvik, meiner tala viser at lokalavisene står veldig sterkt blant innbyggjarane i heile Noreg.

— Folk har stor nytte og glede av lokalavisa si. Det har vorte endå tydelegare gjennom pandemien, seier han i ei pressemelding.
Vidare understrekar LLA-sjefen den opplysande og demokratiske verdien av lokal journalistikk:
— Til liks med veldig mange andre, har lokalavisene lagt bak seg tøffe tak gjennom pandemien. Me er stolte over alt eigarane og medarbeidarane i lokalavisene likevel har klart å få til av livsviktig journalistikk for innbyggjarane. Når me no opplever andre uromoment i Europa, er òg dét ei påminning om kor viktig det er med ei fri og uavhengig presse. Lokalavisene tyder mykje for eit levande lokaldemokrati, seier han.
Tomas Bruvik er generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA).
Powered by Labrador CMS