nyhende
Vert barn eksponert for plantevernmiddel i barnehagen?
Plantevernmiddel vert brukt i stor skala på norske jorde, åkrar og frukthagar for å beskytte avlingar mot ugras, skadedyr og sopp. Men kva skjer med kjemikaliane etter at dei vert sprøyta ut?
Mange skular, barnehagar og idrettsanlegg ligg tett på jordbruksareal der det vert brukt plantevernmiddel. Desse midla kan bli spreidd med vinden, men det finst lite kunnskap om kor mykje menneska i nærområda faktisk vert utsett for av dei.
No skal forskarar undersøke dette nærmare, skriv Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i ei pressemelding. I samband med forskinga vert det sett ut prøvetakingsutstyr ved skular, barnehagar og idrettsanlegg som ligg tett på sprøyta jordbruksområde.
– Det finst allereie ein del forsking på kor langt plantevernmiddel kan drive med vinden, men det er gjort lite arbeid som ser på dette frå eit helseperspektiv. Sjølv om mange av plantevernmidla vi brukar også er i bruk internasjonalt, kan eksponeringa i Noreg dessutan vere heilt annleis avhengig av klima, sprøytemetodar og korleis areala vert brukt, seier prosjektleiar og forskar ved NIBIO Roger Holten.
Plantevernmiddel kan gi akutte og langvarige helseskadar. Fleire studiar har funne ein mogleg samanheng mellom bruk av plantevernmiddel og auka risiko for kreft, nevrologiske sjukdommar og redusert fruktbarheit.
Den nye undersøkinga skal ta føre seg kor langt plantevernmidla vert spreidde og i kva grad dei når område der folk oppheld seg.
Allereie veit ein at plantevernmidla kan leke ned i bakken og bli spreidd med overflatevatn. Enkelte tidlegare funn tyder også på at nokre bønder kan bli overeksponerte, og at hudkontakt sannsynlegvis er den viktigaste eksponeringsmetoden.