nyhende
Verneombod stengde busshaldeplass
Tide Buss AS har heilt slutta å bruka busstoppet ved E39 på Vihovde, ved den nordre avkøyringa til Liereid. Det er vernetenesta i selskapet som har sett foten ned, då dei meiner at utkjøyrsla frå busslomma mot nord er svært trafikkfarleg.
– Kystbussen slutta å bruka dette busstoppet for fleire år sidan. For om lag tre månader sidan var det eit lokalt verneombod som kravde full stans i bruken av haldeplassen på Vihovde. Eg var også med på prosessen, seier hovudverneombod i Tide Buss, Pål Stange, til Vestavind.
Fryktar tungtrafikken
Det var NRK Vestland som først melde om denne saka. Høg fart, mykje trafikk og dårlege siktforhold er årsaker til at busslomma på Vihovde ikkje lenger blir vurdert som trygg nok.
– Nå er fartsgrensa på staden 80 km/t. Tidlegare var grensa 60 km/t. Trafikken har også auka mykje sidan denne haldeplassen blei etablert. Særleg gjeld dette tungtrafikken, og det er den me er mest rett, seier Stange.
Haldeplassen på Vihovde manglar også veglys. Fleire lesarar har kommentert dette i samband med eit lesarinnlegg i Vestavind frå Dagfinn Fagerland Bjørge. Bjørge skriv om veglyset i krysset Øklandsvegen/Fagerlandsvegen, men på nettet har dette utløyst kommentarar om fleire stader der det manglar lys. Mølstre og Vikse er to av desse, i tillegg til Vihovde.
Råkar passasjerane
Verneombodet sitt vedtak har inga tidsavgrensing.
– Det finst mange slike farleg busshaldeplassar i vårt område. Og sjølv om ingeniørane i Statens vegvesen forstår problemstillinga, har dei ikkje pengar til å gjennomføra dei endringane som trengst. På Vihovde vil det for eksempel vera behov for flytting av heile haldeplassen. Då krevst det reguleringsplan, som er både tid- og kostnadskrevjande. Så erfaringa vår er at det som oftast ikkje skjer noko, seier Stange.
Dei næraste haldeplassane for passasjerar til og frå Vihovde vil då vera Haugland i nord eller heilt sør på Vihovde-garden.
– Me veit det går ut over nokon. Difor er det med tungt hjarte me går til slike tiltak som å krevja stans i bruken av eit busstopp. Me misbrukar absolutt ikkje den retten me har, men må gjera det når me ser at tryggleiken er i fare, seier Stange, som minner om at dei tidlegare også har slutta å bruka busshaldeplassen ved Håvardsholm-krysset.
700 meter til neste busstopp
– Verneombodet si vurdering må me ta på alvor, så me har tatt vedtaket til etterretning. I neste omgang vil me nok meina noko overfor Statens vegvesen, seier pressekontakt Øyvind Strømmen i Skyss.
Han konstaterer at det er 700 meter til neste busstopp, på Haugland.
Vestavind har freista å innhenta kommentarar frå både Statens vegvesen og Arbeidstilsynet i denne saka, men har så langt ikkje kome i kontakt med rette vedkomande.