nyhende
Opprydding i eigedomsportefølgja til Sveio kommune:
Vernar om enkelte bygg
Fleire parti tok tidleg standpunkt når det gjeld sal av kommunale bygg som bygdene bruker til aktivitetshus. Dei haldt ord då saka var oppe i formannskapet måndag kveld.
Av dei nær 200 eigedomane som Sveio kommune eig, har rådmannen trekt ut 12 bygg som han kan tenka seg å avhenda. Måndag kveld tok politikarane i formannskapet stilling til saka, der det var tverrpolitisk semje om å behalda dei tidlegare skulebygga og Tinghuset, noko som blir anbefalt vidare til kommunestyret, som skal ta endeleg avgjerd i saka måndag 22. februar.
Det var Sveio Ap og Sveio FrP som fekk gjennom sitt framlegg til vedtak, for sjølv om dei sju politikarane er einige om å behalda skulane på Ørevik, Bua, Lid samt Tinghuset i Førde er det andre idear inne i bildet også.
I tillegg er Førde bygdalag interesserte i å kjøpa Tinghuset, opplyste rådmannen.
Arbeidsgruppe
Sveio Høgre, som har støtte frå Senterpartiet, KrF, MDG og SV, meiner det vil vera ei god løysing å setja ned ei arbeidsgruppe beståande av tre folkevalde og to kommunalt tilsette, som i lag skal gå gjennom kommunale bygg og eigedomar for å kategorisera og prioritera desse, for så å komma tilbake til kva som kan seljast.
– Kommunen har betydelege eigedomar, det bør vera fleire som kan seljast, seier Lars Einar Hollund (H).
Grønt lys for sal
Håkon J. Skimmeland i Sveio Ap synest det er gledeleg å sjå tverrpolitisk semje i saka.
– Sveio Ap var tydelege frå starten når det gjeld kommunale bygg me vil verna ekstra om, me veit kor viktige bygga er, sa Skimmeland, som landa på å gi grønt lys for sal av nokre av bygningane på lista.
Rune Teikari i FrP poengterte at det er viktig å få rydda eigedomsportefølgja, og på same tid betra økonomien til kommunen.
– Viktige eigedomar som skapar aktivitet, samhald og identitet skal ikkje seljast, men gjerast tilgjengelege, sa Teikari.
4 mot 3
Før gruppemøtet kommenterte rådmann Jostein Førre at ei politisk administrativ arbeidsgruppe, som Hollund la fram på vegner av fleire parti, blei fråråda, då det kan bli rot med slike grupper – kva er administrasjon og kva er politikk?
Han ba også om at politikarane fram mot kommunestyremøtet kunne forklara nærmare kva ein bærekraftig driftsmodell er, i forhold til dagens situasjon, som går på forslaget frå Ap og FrP.
– Det er ein del eldre bygg, som har stor kostnad framover.
Etter det korte, digitale gruppemøtet, hadde FrP og Ap eit felles forslag, som blei vedteke 4 mot 3. Dei som stemte i mot, var Lars Einar Hollund (H), Monica V. Valen (Sp) og Jarle Jacobsen (KrF).
Felles framlegg frå Framstegspartiet og Arbeiderpartiet, som blir innstillinga til kommunestyremøtet 22. februar:
|
Fellesforslaget frå H, Sp og KrF, også støtta av MDG og SV:
|