nyhende
Ventar stor pågang – bestill nytt pass no
Etter kvart som fleire innbyggarar får vaksine mot covid-19 kan ein forventa at smittesituasjonen endrar seg i positiv retning. Det kan bety at fleire vel å reisa utanlands.
I eit normalår utskriv Sør-Vest politidistrikt om lag 75 000 pass. I 2020 vart det berre utskrive snautt 30 000 pass som følgje av avgrensa reiseverksemd. Det betyr at etterslepet frå innbyggarar som treng nye pass vil vera stort.
– Bestill pass no
Sør-Vest politidistrikt oppfordringa si til publikum er klar.
– Bestill pass no, seier leiar for Felles eining for utlending og forvaltning Leif Ole Topnes, som fryktar at mange vil oppleva at dei får reisa si kansellert fordi dei ikkje har nytta moglegheita til å bestilla nytt pass i god nok tid.
– Ingen veit når samfunnet er tilbake til normal situasjon, men det som er sikkert er at det ikkje er kapasitet til å møta passbehovet dersom mange ventar med å bestilla pass, presiserer han.
Legg ut ledige timar fortløpande
Sør-Vest politidistrikt jobbar no med ulike tiltak for å auka kapasiteten ved dei sju pass- og ID-kontora i distriktet.
– Me gjer det me kan for å tilrettelegga innafor dei rammene også me må forhalda oss til med tanke på smittevern. Det blir no fortløpande lagt ut mange timar ved alle passlokasjonar i Sør-Vest politidistrikt, seier Kjetil Optun seksjonsleiar i forvaltningsseksjonen Felles eining for utlending og forvaltning.
Seksjonsleiaren oppfordrar innbyggarar til å sjekka utløpsdatoen på passet sitt, og så raskt som mogleg bestilla ein time via nettsidene til politiet dersom det treng å fornyast.
– Det er ikkje sikkert du får time med det første eller på det næraste passkontoret ditt, men då må du prøva igjen. Ledige timar blir fortløpande lagt ut på nettsidene til politiet, og det kan bli ledige timar dagen etter at du har sjekka. Hugs at alle står fritt til å velja kva pass- og ID-kontor ein vil bestilla time ved, understrekar Optun.