nyhende
Ventar mykje trafikk i fjellet
Det er venta mykje trafikk og stor pågang i fjella i vinterferien. I Sør-Noreg er det venta snøfokk i fjellet, og meteorologane ber bilistane køyre varsamt.
– Frå søndag ettermiddag er det venta snøfokk i fjellet på grunn av snø og kraftig vind frå søraust. Så køyr forsiktig, og følg med på veg- og føremeldingar på 175.no , lyder åtvaringa frå Meteorologisk institutt på Twitter.
Det er i tillegg betydeleg snøskredfare i både Trollheimen, Jotunheimen og Indre Sogn. I Møre og Romsdal og i Trøndelag har meteorologane sendt ut gult farevarsel for kraftige snøbyer, og det er venta å auke laurdag morgon fram til søndag ettermiddag.
Ifølgje meteorologane ligg det an til at det beste vinterferievêret blir austafjells, medan resten av landet får periodar med både vind og nedbør.
– På kysten i sør blir det mest regn og sludd, elles er det snø som gjeld, skriv meteorologane.
Ein tredel skal til fjells
Ein tredel av dei som skal på vinterferie, planlegg å reise til fjells i Noreg, ifølgje ei fersk spørjeundersøking gjennomført av Opinion for Den Norske Turistforening (DNT).
– Før du dreg på tur, bør du planleggje turen, sjekke vêr og føreforhold og setje deg inn i skredfare. Eg tilrår å bruke varsom.no. Du må alltid vere førebudd på alt slags vêr, for det skiftar fort i fjellet, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.
Vinterferien er ofte prega av mange trafikkulykker. I vinterferien for to år sidan registrerte forsikringsbransjen over 29.000 bilskadar, ifølgje Finans Norge.
Det var i snitt to bilulykker kvart einaste minutt mellom klokka 8 og 20, ifølgje Tryg Forsikring, som påpeikar at biltrafikken har auka kraftig etter gjenopninga av samfunnet.
– Vi er tilbake til normalen, noko som betyr kø ut av byane når hyttefolket kastar loss. Med vinterlege forhold på vegane anslår vi rundt 1300 bilskadar i dag og vel 30.000 totalt i vinterferievekene, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.
Flest har sakna å reise
Å reise er den fritidsaktiviteten nordmenn har sakna mest i pandemien, ifølgje ei fersk undersøking frå NHO Reiseliv. Heile seks av ti oppgir reising som det største saknet, og andelen er spesielt høg i aldersgruppa 40–59 år (65 prosent).
Reiseselskapa har den siste tida meldt om auka pågang når det gjeld utanlandsbestillingar. Fleire land har den siste tida fjerna koronarestriksjonar i ulik grad.
Austerrike er eit populært reisemål i nordmenns vinterferie, og fleire av dei aller første smittetilfella i Noreg for to år sidan var knytt til skituristar som nyleg hadde vore i Austerrike. Tysdag 22. februar lempar Austerrike på innreisereglane, og nær alle tiltak blir fjerna 5. mars.
I førre veke minte helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) reiselystne nordmenn om at sjølv om nær alle tiltak er fjerna her til lands, er framleis ei rekkje land prega av mange ulike tiltak.
– Det er viktig at nordmenn er klare over at det å vise koronasertifikat, og kanskje å bruke munnbind, det vil nok vere noko du møte i ganske mange andre land i lang, lang tid framover. Flyselskapa vil jo gjere sin eigne vurderingar knytt til bruk av munnbind og det å vise koronasertifikat, seier ho til NTB.
(©NPK)