nyhende

Ventar kraftigare influensasesong

– Det er litt meir sannsynleg at vi kan få ein kraftig influensasesong den kommande vinteren enn førre sesong, seier direktør i FHI Guri Rørtveit.

Publisert Sist oppdatert
Folkehelseinstituttet (FHI) oppmodar folk til å vaksinere seg i forkant av influensasesongen i år.

– Fleire bør ta influensa-, korona- og pneumokokkvaksine slik at dei vernar seg mot alvorleg sjukdom og død, seier Rørtveit frå FHI i ei pressemelding,

Risikogruppene

Spesielt menneske i risikogruppa burde vaksinere seg, seier direktøren i FHI. Alle over 65 år, bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheimar blir tilrådde spesielt å ta influensa- og koronavaksine.

– Veldig mange med auka risiko for alvorleg sjukdom var uvaksinerte førre sesong. Nedgangen er særleg tydeleg blant yngre i risikogruppene. Dette bekymrar oss, seier direktør Guri Rørtveit

Også folk med kroniske sjukdommar bør ta vaksinane. Dei same gruppene bør ta pneumokokkvaksine kvart 6. år, tilrår FHI.

Både korona og influensa

Når det blir kaldare vêret og blada byrjar å falle frå trea er det høgsesong for luftvegsinfeksjonar.

– Det er alltid vanskeleg å føreseie korleis vintersesongane med influensasjukdom kan bli. Men det er ein litt meir sannsynleg at vi kan få ein kraftig influensasesong den kommande vinteren enn førre sesong, seier Guri Rørtveit.

Ho seier også at ein kan forvente ytterlegare smittetoppar med korona i haust og i vinter. Viruset er i endring, og nye variantar som smittar lettare kan dukke opp.

Låg vaksinedekning

Helsedirektoratet oppmodar dei tilsette i helsesektoren med pasientkontakt om å ta årets influensavaksine.

– Ta årets influensavaksine for å verne pasientane dine, familien din og ikkje minst deg sjølv, skriv direktoratet i ei pressemelding.

Vaksinedekninga er for låg blant helsepersonell, og særleg låg blant helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Helen Brandstorp.

– Det er viktig for oss å formilde at influensavaksinen er trygg, velprøvd og svært sjeldan gir alvorlege biverknader. Likevel er det for få tilsette i helsetenesta og personar i risikogrupper som tek vaksine mot influensa, seier ho.

Totalt sett er vaksinedekninga blant helsepersonell i Noreg 39 prosent.

Arbeidsgivarar i helse- og omsorgstenesta har plikt til å leggje til rette for gratis vaksinasjon i arbeidstid, og direktoratet ber om at arbeidsgivarar passar på at influensavaksine er lett tilgjengeleg når folk er på jobb.

– Tilbodet bør vere tilgjengeleg og fleksibelt for alle, inkludert dei som jobbar deltid eller har turnusarbeid, kjem det fram i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS