nyhende
Venstre vil auke momsen på kjøtt
Venstre foreslår å auke momsen på kjøtt med tre prosent og redusere momsen med like mykje på grønsaker. Sp meiner det er ein dårleg idé, medan MDG meiner det vil ha liten effekt.
Matmomsen er allereie på 15 prosent. Venstre vil at momsen på grønsaker skal vere 12 prosent medan momsen på kjøtt skal vere 18 prosent.
– Klimavenleg
Stortingsrepresentant Ingvild Thorsvik (V) seier til NRK at ho trur tiltaket vil gjere det billigare å velje mat som er bra for klima, helse og norsk sjølvforsyning.
– Det krev mindre ressursar og mykje mindre areal å produsere plantebasert mat enn det gjer å produsere animalsk mat, seier ho.
Stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland (Sp) er ikkje begeistra for forslaget.
– Det vil ramme norske matprodusentar viss noko som kjøtt blir dyrare. Målet vårt må vere å auke norsk matproduksjon inkludert kjøtt, for å auke sjølvforsyninga i Noreg, seier ho.
– Liten effekt
MDG-leiar Arild Hermstad seier til NTB at Venstres forslag sender eit rett signal, men at ei slik lita justering ikkje vil ha særleg effekt.
– For å få folk til å velje annleis, og ta meir omsyn til helse, miljø og dyrevelferd, så er det nødvendig å fjerne momsen på grønsaker heilt, og auke han på kjøtt til 25 prosent, slik MDG har foreslått på Stortinget, seier Hermstad.
Forslaget er ein del av Venstres budsjettforslag, og skal behandlast på Stortinget i haust.