nyhende
Vellykka marknad i Førde
Den aller første Haustmarknaden i Førde vart ein suksess. Og då mange tok sundagsmiddagen ved grillen, rann det pengar inn til restaurering av Tinghuset.
Sundag gjekk nykomaren Haustmarknaden av stabelen i Førde. Det blei ein suksess, ifølgje leiar i Førde Bygdalag, som sto bak arrangementet.
— Me omsette for rundt 80.000 kroner, fortel Tor Inge Flåten.
Det vart mellom anna seld overraskande mykje mat.
— Det var nok fleire som tok middagen der, slår Flåten fast.
Burger og Bjørnis
168 hamburgar og 100 pølser var blant det som vart svelgd unna av det Flåten trur var rundt 400 besøkande.
Dei som kom kunne nyte både mat, sang og eit populært besøk av brannevesenet og maskoten deira, Bjørnis.
Flåten fortel at i praksis alle parkeringsplassar i Førde sentrum var fulle under ettermiddagstimane sundag då marknaden gjekk føre.
Det er ikkje klart kort stort overskotet, som skal gå til restaurering av det gamle Tinghuset, blei.
— Men det blir nok ein pen sum, trur Flåten.
Mange frivillige
15-16 frivillige deltok under arrangementet.
Haustmarknaden var ein erstatning for dei tradisjonelle Førdedagane som i år måtte avlysast av logistikkmessige årsskar.
No er spørsmål om det kan bli både Førdedagar og Haustmarknad neste år.
— Me skal ha ei evaluering, så får me sjå kvar det blir til, seier Flåten.