nyhende
Vellukka strategiar i Noreg mot antibiotikaresistens
Tal for i fjor viser at førekomsten av antibiotikaresistens framleis er låg i bakteriar hos menneske i Noreg. Folkehelseinstituttet er likevel bekymra.
– Den låge førekomsten av antibiotikaresistens i Noreg kjem av lågt forbruk av antibiotika, eit fordelaktig forbruksmønster og effektive tiltak mot spreiing av resistente bakteriar, seier Gunnar Skov Simonsen, som leier Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar (NORM) i ei pressemelding. Han er tilknytt Universitetetssykehuset i Nord-Noreg og Folkehelseinstituttet (FHI).
NORM gir ut ein felles årleg rapport saman med Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens i mikrobar frå fôr, dyr og næringsmiddel (NORM-VET). Her blir presentert data om førekomst av antibiotikaresistens og forbruk av antibiotika til menneske og dyr.
Kan bli betre
– Sjølv om mykje er oppnådd, er det sannsynlegvis framleis forbetringsområde, som til dømes å unngå antibiotikaforskrivning til virusinfeksjonar, velje rett antibiotika og individualisere dosar eller varigheit av kur, seier Simonsen.
Talet på personar meldt smitta med antibiotikaresistente MRSA-bakteriar i Noreg har elles auka noko, frå 1598 i 2021 til 1934 i 2022. Dette er framleis lågare enn i åra før koronapandemien.
FHI er mest bekymra for auken av såkalla karbapenemase-produserande bakteriar (CPO). Dette er ein bakterietype som er svært resistente mot effektiv antibiotikabehandling.
Aukar etter krigsutbrot
Sjølv om det enno er snakk om få utbrot med desse bakteriane i Noreg, er det ein markant auke, ifølgje årsrapport for 2022 for overvakinga av antibiotikaresistens frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS). I 2022 vart 180 personar melde inn med påviste CPO i Noreg, medan talet var 70 i 2021.
Auken sjåast også i andre land i Europa. FHI meiner auken sannsynlegvis kjem av ein kombinasjon av import frå land med høg førekomst av resistente mikrobar, på grunn av auka reiseverksemd etter pandemien, og importsmitte frå Ukraina i samband med behandling av pasientar overført til norske sjukehus som følgje av krigen.
– Per i dag har vi veldig avgrensa, nokre gonger ingen effektive antibiotika som fungerer, seier overlege Miriam Sare ved FHI.