nyhende
— Veldig vanskeleg og i nokre tilfelle heilt umogleg å få tak i folk
Arbeidsmarknaden i Sunnhordland og på Haugalandet opplever no eit historisk høgt underskot på kvalifisert arbeidskraft.
Rekrutteringsselskapet Adecco Haugaland/Sunnhordland melder om uvanleg sterk mangel på arbeidskraft, særleg på felt som restaurant, hotell, pedagogikk, økonomi, rekneskap, helse/omsorg og bygg og anlegg.
Mange verksemder har dessutan problem med å finna kvalifiserte industriarbeidarar, ingeniørar og IKT-medarbeidarar.
Den skrikande trongen etter hjelpande hender har gjort mange arbeidsplassar desperate: Somme lokkar med gratis trening, lunsj og middag, meir fleksible arbeidstider, bonusar og lønstillegg, fortel distriktssjefen Mette Hessen i ei pressemelding frå Adecco.
— Det er ikkje berre vanskeleg, det er veldig vanskeleg og i nokre tilfelle heilt umogleg å få tak i kandidatar, seier Hessen.
Adecco Haugaland/Sunnhordland arbeider no målretta med rekruttering av arbeidstakarar, mellom anna gjennom sosiale medium.