nyhende

Espira Solkroken barnehage på Ekrene.
Espira Solkroken barnehage på Ekrene.

– Veldig spesielt å koma til testsenteret og sjå at det var barn frå vår barnehage i alle bilane

Espira Solkroken opna tidlegare denne veka, etter at ein tilsett fekk påvist koronasmitte i sist veke. Mange barn er tilbake, medan nokre har tatt ein litt lenger påskeferie i år.

Publisert Sist oppdatert

– Det var litt spesielt å bli stengt ned. Pulsen blei relativt høg når meldinga kom seint onsdag

kveld, seier styrar i Solkroken, Ruth Vihovde.

Ho fortel at kriseteamet i Sveio gjekk veldig breitt ut, då ein frykta det kunne vera mutert virus, og sette to avdelingar i karantene, og alle småbarn i ventekarantene. Mange av ungane og dei tilsette blei testa to gonger med to dagars mellomrom.

Me har fått veldig mange fine meldingar frå foreldre gjennom helga, og det har gjort veldig godt.

– Det var veldig spesielt å koma til testsenteret og sjå at det var barn frå vår barnehage i alle bilane rundt meg. Dei vinka til kvarandre frå bilane, fortel Vihovde, som legg til at ho kjenner på at dei har vore heldige med at det blei med enkelttilfellet.

Opna tysdag

Ruth Vihovde er styrar i Espira Solkroken.

Via Spireportalen har Vihovde halde familiane oppdatert i dagane med karantene, likeeins har familiane oppdatert etterkvart som testsvara har kome.

– Det gjorde at me raskt fekk kontroll. Me har fått veldig mange fine meldingar frå foreldre gjennom helga, og det har gjort veldig godt, seier Vihovde.

Barnehagen opna tysdag på raudt nivå etter tre dagar stengt. Mange barn er tilbake, men nokre har valt å ta ein lang påskeferie i år.

Powered by Labrador CMS