nyhende

Klare til innsats. Kontrolleiar Bengt Asle Idsø følger med på bilane som kjem, og utekontrollør Tor Magne Taranger er klar til å vinka inn. Foto: Ellen Marie Hagevik
Klare til innsats. Kontrolleiar Bengt Asle Idsø følger med på bilane som kjem, og utekontrollør Tor Magne Taranger er klar til å vinka inn.

– Veldig nøgd med bilbeltebruken

Statens vegvesen gjennomførte fire kontrollar tysdag. Først ut var Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

Kontrolleiar Bengt Asle Idsø og utekontrollør Tor Magne Taranger heldt på å rigga seg til då Vestavind kom forbi tysdag morgon. Medan Vestavind snakka med dei blide kontrollørane, blei ingen stoppa, og dei hadde tid til ein liten prat.

– Det er viktig å visa at me også er andre stader enn dei faste kontrollplassane. I dag har me valt å ha kontrollar i område kor det er litt tettare busetnad, men som ligger litt avsides frå dei større byane. Me startar i Sveio sentrum før me flyttar oss mot Haugesund, før me set kursen retning Stord mot slutten av dagen, fortalde Idsø.

Flinke sveibuar

Han held vanlegvis til sør for Boknafjorden, og var på utlån til tysdagens kontroll.

– I dag er det bilbelte og bil og hengar som er som er i fokus. I høve til bil og hengar sjekkar me mellom anna at bil og hengar er forskriftsmessig i orden, og at den som køyrer har lov til å køyra med hengaren, sa Idsø.

Bengt Asle Idsø og Tor Magne Taranger starta ein lang dag med kontroll i Sveio sentrum.

Det blei gjennomført fire kontrollar i Sveio sentrum, Haugesund, Åkra og Førde.

Resultatet av dei to kontrollane i Sveio, der bruk av personleg verneutstyr (bilbelte/hjelm) var hovudfokus, viste at sveibuane er flinke: alle brukte belte. Det gjorde gjorde 288 av 289 bilførar i dei fire kontrollane.

– Me er veldig nøgde med at beltebruken er så god som den er, skriv Idsø i dagens oppsummering.

Gebyr og bruksforbod

Den einaste som ikkje brukte bilbelte, var ein lastebilsjåfør som blei kontrollert på Åkra. Han fekk eit gebyr på 1.500 kroner. I tillegg blei det oppdaga ein skade i eit dekk der kord var synleg. Dette medførte at lastebilen blei ilagt bruksforbod fram til dekket var skifta.

I Haugesund var fokuset litt meir på bilar som trekte tilhengar. Her blei det kontrollert førarrett, dokument, bruk og teknisk. Åtte køyretøy blei kontrollerte. To av dei blei gitt teknisk mangel med krav om utbetring og etterkontroll. Manglane gjekk på defekte lys og knuste lykter.

Powered by Labrador CMS