nyhende

Vi er inne i havforskingstiåret. Her frå satellittmerking av stor sei i Lofoten. Foto: Vibeke Lund Pettersen / Havforskingsinstituttet
Vi er inne i havforskingstiåret. Her frå satellittmerking av stor sei i Lofoten.

Veit du kva for år det er i år?

Trudde du at du visste kva for år det er i år? Det gjer du truleg ikkje. Og det visste heller ikkje mange av dei som kanskje burde vite det.

Publisert Sist oppdatert
Lat oss starte med det internasjonale året for småskala fiskeri og akvakultur.

– Fullstendig ukjent for meg, vedgår informasjonsleiar Jan-Erik Indrestrand i Noregs Fiskarlag, før han legg til:

– Men om det handlar om FNs forskjellige berekrafttilnærmingar, så er vi sjølvsagt kopla på og veldig opptekne av det.

Heller ikkje Kystfiskarlaget har planlagt store markeringar i året som framfor noko kunne stått i kystfiskarens teikn.

– Nei, det var nytt for meg, seier styreleiar Tom Vegar Kiil.

– Men det høyrest interessant ut. Kystfiskarane er jo pressa frå alle kantar, og det er ikkje enkelt å nå fram med våre saker, seier han.

Fjellår

Det internasjonale året for småskala fiskeri og akvakultur er berre eitt av fire år som FN har vedteke skal markerast i 2022.

I år er også det internasjonale året for berekraftig bruk av fjellet.

NHO Reiseliv har mange medlemsbedrifter som driv med fjellturisme, men dei har ikkje snappa opp at 2022 er eit fjellår.

– Det var faktisk nytt for meg, seier kommunikasjonssjef Merete Habberstad,

– Vi har førebels ingen planar om å markere dette, men dette vil jo vere ei passande anledning til å oppfordre nordmenn til å bli kjende med nokre av dei mange flotte fjella vi har, seier ho.

Også i Norsk Friluftsliv, som er fellesorganisasjon for 18 norske frivillige friluftslivsorganisasjonar, er fjellåret ukjent. Men det kan kanskje brukast der det er relevant i ein del kampanjar som er på gang, får vi opplyst. Frivilligåret, derimot, er godt kjent og skal markerast stort, poengterer dei.

Frå Den Norske Turistforening (DNT) får vi følgjande tilbakemelding på e-post frå kommunikasjonssjef Simen Rommetveit Halvorsen:

– DNT har laga ein omfattande og ambisiøs berekraftstrategi, og skal bruke året for berekraftig fjellbruk til å implementere den. I juni skal vi også dele ut vår eigen berekraftpris og berekraftstipend. Frivilligåret vil sjølvsagt også prege veldig mykje av året for vår del.

År for glas, forsking og frivillige

2022 er dessutan det internasjonale året for glas. Og det skal i alle fall markerast. Glass og Fasadeforeningen slår på nettsidene sine fast at året ikkje kjem eitt år for tidleg.

Foreininga vil nytte året til å få fram kor viktig eigenskapane og funksjonane til glaset er, og ein vil rette fokus mot glasets rolle i å skape ei reinare, rikare og meir berekraftig framtid.

La oss legge til at FN også har utnemnt 2022 til det internasjonale året for grunnleggande vitskapar.

Dessutan har den norske regjeringa, som vi alt har vore inne på, utpeikt 2022 til frivilligåret, noko som verkeleg skal markerast på alle tenkjelege vis av både frivillige organisasjonar og mange andre. Det blir tallause markeringar og arrangement over heile landet gjennom heile året, lokale tilstellingar, regionale markeringar og nasjonale kampanjar, går det fram av den offisielle nettsida for året, frivillighetensar.no.

Tiår for mangt og mykje

Men ein ting er år. Like viktig er tiår. Nett no er vi inne i ikkje mindre enn ti tiår:

FNs tiår for berekraftig energi for alle (2014-2024), FNs internasjonale tiår for menneske av afrikansk opphav (2015-2024), FNs tiår for ernæringstiltak (2016-2025), FNs tiår for utrydding av fattigdom (2018-2027), FNs tiår for vann for berekraftig utvikling (2018-2028), FNs tiår for familiedrive landbruk (2019-2028), Nelson Mandels fredstiår (2019–2028), FNs tiår for gjenoppbygging av økosystema og FNs tiår for havforsking (2021-2030).

Og for berre nokre dagar sidan starta FNs tiår for urfolkspråk. Det skal markerast godt, lovar tidlegare sametingspresident Aili Keskitalo som sit i den internasjonale styringsgruppa for tiåret.

– Dette er ein unik anledning til å mobilisere i saker som kan styrke dei samiske språka, seier Keskitalo, og viser til at dei sit att med mange gode erfaringar etter det internasjonale urspråkåret, som var i 2019.

– For eksempel blei samisk språkveke arrangert for første gang det året. Og når ein passerer riksgrensa i samiske område, skal det no stå Noreg på samisk på skilta. Det inneber anerkjenning og synleggjering, poengterer ho.

– Kan det bli for mykje med eit heilt tiår?

– På ingen måte, svarer den tidlegare sametingspresidenten og viser til at det framleis er mykje å ta tak i mellom anna i skjeringsfeltet digitalisering og språkteknologi.

Havforskingstiår

Heller ikkje Havforskingsinstituttet tykkjer eit tiår er for mykje. Det internasjonale havforskingstiåret starta i fjor.

– Eit slikt tiår er kjempeviktig for oss, det er som ei vitamininnsprøyting, seier forskingssjef Erik Olsen.

– Det får fram og synleggjer kor viktig havet er, og det blir også ein katalysator for å få fleire midlar til dette føremålet, utdjupar han.

Noregs forskingsråd har etablert eit eige havsekretariat som har ansvar for nasjonal koordinering og oppfølging. I havforskningstiåret blir det lagt opp til både internasjonale utlysingar frå havforskningstiåret sentralt og nasjonale utlysingar. Ei ekspertgruppe har foreslått ti satsingsområde for tiåret.

Eit heilt konkret barn av tiåret er Statsraad Lehmkuhls One Ocean-ekspedisjon, ei jordomsegling som har som mål å skape merksemd og dele kunnskap om den avgjerande rolla havet har for ei berekraftig framtid.

– Har ikkje oversikt

Kommunikasjonsleiar Ellen Sporstøl i FN-sambandet fortel at det er FN-organisasjonar og land som føreslår tema for år og tiår, og så blir det vedteke av FNs generalforsamling.

Ho vedgår at det blir mange markeringar med så mange år og tiår og i tillegg alle dei rundt 200 temadagane som skal markerast i løpet av eit år, frå den internasjonale blindeskriftdagen til utdanningsdagen, aids-dagen, TV-dagen og toalettdagen.

– Dei færraste av oss som jobbar i FN-sambandet har full oversikt, det får vi bare innrømme. Det kan vere noko druknar litt, ja, når det er så mykje.

– Intensjonen er å løfte fram noko som det er semje om er viktig. I Noreg vel vi ut det som er relevant for oss og brukar dagane og åra til å skape merksemd rundt viktige tema. Og vi ser at det ofte får mykje omtale i media og andre stader. Til dømes er det mange som bruker sokkar med forskjellige fargar når vi kjem til mars, for å markere den internasjonale downs-dagen, seier Sporstøl.

Ho vedgår også at nokre dagar og år kan høyrast ut som ein vits, i alle fall ved første augekast, til dømes verdas toalettdag.

– Men kjenner ein bakgrunnen, om alle dei som ikkje har trygge sanitærforhold og toalett, så skjønar ein at det er viktig.

– Kva med det internasjonale året for kameldyr som kjem allereie i 2024?

– Eg skal vedgå at eg måtte slå opp «camelids». I Noreg vil det nok få null merksemd, men eg reknar med at det er ein god grunn til at dette får eit heilt år, seier ho.

F

©NPK)

2022 er året for småskala fiskeri.
2022 er glasets år, og Glass og Fasadeforeningen skal sørgje for at det blir grundig markert. Her glasfasade på Aker Brygge i Oslo.
2022 er det internasjonale året for grunnleggande vitskapar.

FNs år 2012–2022

* Internasjonalt år for småskala fiskeri og akvakultur (2022)

* Internasjonalt år for berekraftig utvikling i fjellområde (2022)

* Internasjonalt år for glas (2022)

* Internasjonalt år for grunnleggande vitskapar for berekraftig utvikling (2022)

* Internasjonalt år for fred og tillit (2021)

* Internasjonalt år for kreativ økonomi i tråd med berekraftig utvikling (2021)

* Internasjonalt år for frukt og grønsaker (2021)

* Internasjonalt år for å avskaffe av barnearbeid (2021)

* Internasjonalt år for plantehelse (2020)

* Internasjonalt år for sjukepleiarar og jordmødrer (2020)

* Internasjonalt år for urspråk (2019)

* Internasjonalt år for mekling (2019)

* Internasjonalt år for det periodiske systemet (2019)

* Internasjonalt år for berekraftig turisme (2017)

* Internasjonalt år for belgfrukt (2016)

* Internasjonalt år for jord (2015)

* Internasjonalt år for lys- og lysteknologi (2015)

* Internasjonalt år for små utviklingsøystatar (2014)

* Internasjonalt år for krystallografi (2014)

* Internasjonalt år for familielandbruk (2014)

* Internasjonalt år for vantsamarbeid (2013)

* Internasjonalt år for quinoa (2013)

* Internasjonalt år for kooperativ (2012)

* Internasjonalt år for brekraftig energi for alle (2012)

Kjelde: UNRIC og FN

Powered by Labrador CMS