nyhende

Vegvisarar langs kysten i over 400 år

Den vesle bygda Dalsfjord langt inne i ei fjordarm i Volda på Sunnmøre skulle kome til å spele ei svært viktig rolle i norsk fyrhistorie. Ei historie som går over 400 år tilbake i tid.

Publisert Sist oppdatert

Forfattarane Jo van der Eyden og Per Roger Lauritzen kom nyleg ut med boka «Kystens veivisere – norsk fyrhistorie frå A til Å». Her har dei teke føre seg heile den norske fyrhistoria, og faktisk litt av den internasjonale også.

Identitet for kystsamfunn

– Det er moro med fyr. Spør kven som helst som er oppvaksen på kysten om dei har eit favorittfyr, og du vil få svar. Vi har teke føre oss alle dei 224 fyra som har vore i drift langs heile kysten, og vi har besøkt dei fleste av dei i arbeidet med boka. Fyra er viktige for identiteten til lokalsamfunna der dei er, samstundes som dei er viktige nasjonale kulturminne. I dag er fleire hundre frivillige med på å ta vare på denne tradisjonen, seier Per Roger Lauritzen til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at han saman med Jo van der Eyden har samla stoff til denne boka i mange år. Dei har besøkt 180 fyr kvar. Dei har teke seg fram både med kajakk og robåt. Mange av fyra er nedlagde og nokre er fjerna, og ein del har vorte museumsfyr. I dag er det 130 fyr att med lys i tårnet langs den langstrekte kysten vår. Ingen av dei er bemanna lenger.

I fotspora til fedrane

Lindesnes fyr pregar omslaget på boka «Kystens veivisere». Det var her det første fyret i Noreg vart bygd.

Tilbake til den vesle bygda Dalsfjord. I boka kan vi lese om pioneren Ole Gammelsen Mork, fødd på garden Mork i Volda i 1803. Kvart år frå han var 16 år deltok han på vinterfisket etter torsk, noko han gjorde i 33 år.

Som 22-åring fekk han arbeid under bygginga av fyret på Runde i Herøy. Her fekk han solid erfaring, blant anna med sprengingsarbeid, slik at han etter anleggsperioden på Runde fekk jobb på vegarbeid og med bygging av brua over Brosundet i Ålesund.

Trass i dette hadde han ikkje pengar nok til å kjøpe farsgarden på Mork i Volda, og det gjorde at han kjøpte seg eit lite småbruk på Løvik i Dalsfjorden, der han busette seg saman med kona Kanutte Malene.

I 1838 vart han tilsett som formann i fyrvesenet, med ansvar for etablering av sjømerke og fortøyingstingar på strekninga mellom Vardø og Stavanger. Arbeidslaga tok seg fram langs kysten i opne sunnmørsåttringar.

«Ofte under store vanskar og med fare for vårt liv så mange en gang», heiter det i hans eiga skriftlege forteljing frå dei strabasiøse turane.

Fire generasjonar

Ole Gammelsen vart først arbeidsformann under bygginga av Kvitholmen fyr, og seinare «arbeidsstyrar» under bygginga av Høgsteinen fyr på eit lite rev like utanfor Godøy på Sunnmøre. Då fyret var ferdig i 1857, vart den då 54 år gamle Ole Gammelsen tilsett som fyrvaktar i konkurranse med 54 andre søkjarar.

Han hadde denne stillinga i nærmare 30 år, til han søkte avskil 84 år gammal.

Sonen Martin Mork følgde i faren sine fotspor som fyrbyggjar. Snart var stadig fleire menn frå Dalsfjorden med i arbeidslaga som bygde og vakta fyra langs norskekysten.

– Mange frå Dalsfjorden, men også andre sunnmøringar, hamna i fyrvesenet. Dei var kjende for å vere gudfryktige og arbeidsame, og dei var ikkje så opptekne av fagforeiningsarbeid. Dei var billege og nøysame, var solide og flinke arbeidsfolk, blant anna som smedar og steinleggjarar. Opp gjennom åra har det vore vanleg at son har følgt i faren sine fotspor og hamna i fyrvesenet, forklarar Per Roger Lauritzen.

Det er familiar der fire generasjonar har hatt arbeidet sitt i fyrvesenet.

Havrallarar

Arbeidslaga som jobba med fyra vart kalla for havrallarar, men det var dei ikkje så begeistra for sjølve, fortel han. Dei syntest ikkje at livsstilen deira likna på rallarane, som ikkje hadde eit udelt positivt rykte.

Slik vart Dalsfjorden eit kjerneområde for fyrvesenet, og det er ikkje tilfeldig at det var her det første fyrmuseet hamna. Det er bygd opp av pensjonerte tilsette i fyrvesenet på dugnad. Museet er no mellombels stengt på grunn av usemje om drifta med Sunnmøre museum, som no kallar seg Viti.

Kinesiske lykter

Per Roger Lauritzen (biletet) står saman med Jo van der Eyden bak «Kystens veivisere» om norsk fyrhistorie.

I boka finn vi også ei oversikt over korleis navigasjonen har endra seg opp gjennom historia, frå å bruke stjernehimmelen via primitive kart til den elektroniske revolusjonen i våre dagar. Lesaren får også innblikk i den internasjonale fyrhistoria.

Fyrtårnet «Faro» i Alexandria i Egypt vart bygd av Alexander den store rundt 300 år før Kristus, og er det første kjende fyret. Men det var truleg fyr langs Middelhavet lenge før det, trur Lauritzen. Han peikar på at til dømes Kina svært tidleg låg lengre framme teknologisk enn vår del av verda, så han reknar med at det var fyrlykter der først.

– Når det gjeld dei norske fyra, så har vi valt å presentere dei 224 fyrstasjonane i kronologisk rekkefølgje. På denne måten har vi sett eit utviklingsmønster, der utbygginga har skjedd med hopp og sprett rundt om på kysten. Fyrvesenet har jobba etter langsiktige planar, og så kjem Stortinget og ikkje minst kommunar inn med innspel, og så har fyrstasjonane hamna ein heilt annan stad enn der dei var tenkte, smiler forfattaren.

Så det er ikkje noko nytt med sterkt lokalt engasjement ved store utbyggingar.

Vrakplyndring

Eit anna punkt forfattarane kjem inn på er vrakplyndring. Det er ei kjent sak at stranda skip og vrakgods gav gode inntekter til dei fastbuande. Det verserer også historier om at det vart sett opp lys ein del stader for å narre skip inn på grunt farvatn, der dei kunne havarere. Det er også forteljingar om vrakplyndrarar som festa lykter på ryggen av hestar for å illudere skip i rørsle og dermed lure skipsførarar til å tru at det var trygt farvatn også lenger inne.

– Vi har prøvd å få stadfesta desse historiene, men det har vi ikkje lukkast med. Det er likevel eit faktum at kong Christian V av Danmark og Noreg innførte dødsstraff for oppsetjing av falske lys og andre merke som hadde som formål å lure sjøfarande inn i farleg farvatn.

Lyktelys med varierande styrke

Jo van der Eyden er med forfattar til «Kystens veivisere» om norsk fyrhistorie.

Dei første fyra langs norskekysten var drivne privat. Enkeltpersonar fekk løyve frå kongen til å drive fyr, og så kunne dei ta betaling av skipa som passerte. Instruksen var at det skulle fyrast med kol, for det gav det beste lyset.

Det var ikkje alltid det var kol tilgjengeleg, eller at fyrvaktaren meinte at kolet var for dyrt. Dei skulle trass alt leve av dette. Mange stader var det god tilgang på torv, og då fyrte dei gjerne opp lykta med det. Det er også kjent at det vart brukt stearinlys i lyktene. Men lyset var ikkje særleg godt, og det kom klagar frå skipsførarar om at fyrlykta var for lite synleg.

– Dette skjedde blant anna på den første fyrlykta på Sunnmøre, Runde fyr, som vart reist i 1767. Her var det tilgang på mykje torv, og dei fyrte helst med det. Men det førte også til murring om at lyset var for svakt, fortel Lauritzen.

Først på Lindesnes

Det første fyret i Noreg vart reist på Lindesnes i 1656. I 1697 kom Store Færder i Oslofjorden. I 1700 kom Kvitsøy fyr ytst i Boknafjorden i Rogaland, og vart det første fyret på Vestlandet. Same året kom Høgevarde fyrstasjon i Karmsundet utanfor Karmøy.

Utover 1700-talet kom Runde fyrstasjon i Herøy i 1767, Valderhaug fyrstasjon på Valderøya utanfor Ålesund i 1772. I 1798 kom Munkholmen fyrstasjon i Trondheim og i 1799 Skudenes fyrstasjonen ved Karmsundet.

Så skjer den store utbygginga av fyr utover på 1800-talet, mange private fyr blir statlege, og det blir bygd fyr også i Nord-Noreg. 165 fyr vart etablerte i løpet av 1800-talet, i ei tid der Noreg langt frå var eit rikt land.

Teknisk revolusjon

1900-talet er først og fremst prega av den tekniske revolusjonen, og sjølv om det vart bygd 49 fyrstasjonar i dette hundreåret, så gjekk det mot slutten for dei bemanna fyrstasjonane. I dag er det ikkje lenger bemanna fyrstasjonar i Noreg.

– Fyra langs norskekysten er ein viktig del av kulturarven vår. Det har vore utruleg mange flinke og arbeidsame menneske involverte. I dag er Noreg ein stor fyrnasjon internasjonalt, det er vel naturleg sidan berre Canada har ei lengre kystline enn oss, avsluttar Per Roger Lauritzen.

Powered by Labrador CMS