nyhende
Vegvesenet vil prioritere både Røldal-Seljestad og Hordfast
Statens vegvesen har Røldal-Seljestad nest øvst på prioriteringslista si for 2023–2027. Hordfast og Møreaksen er på 8. og 10. plass.
Vidare på lista følgjer E134 Røldal – Seljestad i Vestland (3,34 milliardar kroner), E6 Megården – Mørsvikbotn i Nordland (10,27 milliardar kroner) og E16 Hylland – Slæen i Vestland (1,64 milliardar kroner). Desse fire vegprosjekta reknar Vegvesenet for å vere heilt klare for oppstart.
– Dette er prosjekt som er klare til politisk behandling, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Tysdag la Vegvesenet fram porteføljeprioriteringane sine for perioden 2023 til 2027 til Samferdselsdepartementet, der det blir gjort tilrådingar om rekkjefølgja av store vegprosjekt.
Nytte og verknader
Lista inneheld 20 store vegprosjekt over heile landet i prioritert rekkjefølgje. Dei blir vurderte ut frå planstatus, samfunnsøkonomisk nytte og verknader. Alle dei 20 prosjekta har ein samla prislapp på rundt 150 milliardar kroner.
Dette er første gong Statens vegvesen har laga ei slik oversikt over vegprosjekt i Nasjonal transportplan i prioritert rekkjefølgje. Det er gjort på oppdrag frå departementet.
I tillegg til prosjekta som no er prioriterte, har Vegvesenet også ei liste over andre aktuelle vegprosjekt som kostar mellom 200 millionar kroner og éin milliard kroner.
– Vi utbetrar der vi kan, men nokre gonger er det nødvendig å byggje nytt. Derfor har vi mange store og små prosjekt over heile landet som kan bidra til auka verdiskaping for næringslivet og ein enklare kvardag for folk, seier Hovland.
Hordfast og Møreaksen dyrast
Dei neste 14 prosjekta er markerte som gule i prioriteringslista. Det vil seie at Vegvesenet ikkje reknar dei som like «modne» som dei fire øvste.
Her finn ein mellom anna E39 Ådland – Svegatjørn i Vestland, populært kalla Hordfast, og Ålesund – Molde (Møreaksen).
Hordfast har den desidert største prislappen blant dei 20 prosjekta. Kostnadsprognosen ligg på 41,93 milliardar kroner. Prosjektet skal sørgje for eit ferjefritt samband på E39 mellom Os og Stord.
Møreaksen har den nest største prislappen, med ein kostnadsprognose på 26,5 millionar kroner.
Dei to siste prosjekta på lista er markerte som raude. Det gjeld Rv 36 Skjelsvik – Skuggestein i Vestfold og Telemark, og Rv. 19 Moss.
– Viktigare enn nokosinne
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) stadfestar at han har fått tilrådingane frå Vegvesenet.
– Sjølv om signala er tydelege på at det kan bli mindre pengar til samferdsel framover enn det som var tenkt, skal det byggjast ei rekkje nye vegar framover. Men den økonomiske situasjonen Noreg står i, gjer det viktigare enn nokosinne å få mest mogleg samferdsel for pengane, seier han.
Det er til sjuande og sist politikarane på Stortinget som bestemmer kva vegprosjekt som skal byggjast og kva dei skal koste. Den såkalla porteføljestyringa, som Vegvesenet no har lagt fram, skal oppdaterast kvart år.
– Det er vi politikarar som gjer dei endelege vala, men denne metoden gjer det lettare for oss å velje å setje i gang dei prosjekta som vil gi mest tilbake til samfunnet. Gode faglege råd er alltid viktig, men det er særleg viktig no som vi ser at vi må prioritere hardare framover, seier samferdselsministeren.
(©NPK)