NPK: Fleire har kritisert Statens vegvesen for kantslåtten dei gjennomfører langs vegane kvar sommar. Kritikarane meiner det råkar liva til insekta, men Vegvesenet viser til at det er eit tryggingstiltak i trafikken og kan vere positivt for insekta.
Sidan overgrodde vegkantar kan hindre sikt, er kantlått eit trafikktryggleikstiltak, men like viktig er det for å avgrense spreiing av framande, skadelege artar, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
– Kantlått avgrensar spreiing av uønskte artar, og bidreg til meir artsrike vegkantar, som til slutt er positivt for insektlivet langs vegane, seier Grete Sponga, biolog og miljørådgivar i Statens vegvesen i pressemeldinga.
Statens vegvesen slår dei fleste vegkantar to gonger gjennom sommaren. Den første slåtten startar i mai nokre stadar, og i juni er han vanlegvis godt i gang over heile landet. Den andre slåtten blir gjord i august og september.
– For oss er det veldig viktig å få i gang den første kantlåtten før lupinar, hundekjeks og andre artar som vi ønskjer å bli kvitt, set frø, seier Grete Sponga.
– Samtidig tek vi omsyn til artar vi ønskjer å ta vare på, derfor hoppar vi over fleire vegkantar nettopp for å vareta artsmangfaldet av både plantar og insekt, seier ho.