nyhende
Vegvesenet la fram milliardplan – kritikarar går laus på E39
Statens vegvesen har lagt milliardplanar for heile landet, men særleg planane for ferjefri E39 er stadig under skyts.
NTB-NPK: Gjennomføringsplanen Statens vegvesen la fram tysdag, er ei oppfølging av Nasjonal Transportplan som Stortinget vedtok i fjor. Vegvesenet vil mellom anna prioritere 13 vegstrekningar der dei meiner det bør jobbast i lange strekk fram til 2040, slik Aftenposten har omtalt. Då vil samfunnet både spare pengar og få mest nytte av utbygginga, meiner etaten.
– Ved å byggje ut lengre strekningar får vi redusert reisetid, føreseielegheit for næringstransport og utvida bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
På lista, som vart presentert tysdag, står mellom anna prosjekta Hordfast og Møreaksen på E39, som skal gjere bilistane mindre avhengige av ferjer og dermed spare dei for reisetid
Naturinngrep og trafikkauke
Men prosjekta vil gi meir biltrafikk inn mot byane og enorme naturinngrep, meiner Naturvernforbundet.
– Det er på tide for politikarane å gi Statens vegvesen eit tydeleg signal om at desse overdimensjonerte vegutbyggingane må sløyfast, og at ein heller må satse på betre ferjetilbod med elektriske ferjer og utbetring av vegane mellom ferjeleia, seier nestleiar Pernille Bonnevie Hansen.
Ho meiner slike prosjekt bind opp pengar som heller burde gått til utbetring, rassikring og vedlikehald.
Raudts Geir Jørgensen er kritisk til det han kallar bulldosar-politikk, og meiner slike store motorvegprosjekt ikkje rimar med målet om at biltrafikken i byane ikkje skal auke.
Vil skalere ned
Hordfast inneber at tre ferjesamband blir erstatta med bruer. Ifølgje Vegvesenets berekning frå 2020 vil denne biten av E39 koste 35,8 milliardar kroner.
Også leiaren av transportkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp), løftar diskusjonen om korleis dei store vegpengane blir brukte, og nemner mellom anna fjordkryssingane på E39. Prosjekta er gode, men vedlikehald av vegar, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir, seier han til NRK.
Overfor NTB presiserer han at det han er oppteke av, er om prosjekta kan skalerast ned og gjerast rimelegare.
Spesielt set han spørsmålsteikn ved om det er nødvendig å planleggje for ein fart på 110 kilometer i timen.
– Eg meiner vi må rekne på om det er kostnadsinnsparingar å hente på å gå til 90 kilometer i timen og sjå om det kan byggjast to pluss eitt felt, i staden for firefelts veg, seier han.
Sjølv om Hordfast og E39 er ei prioritert strekning i NTP, som alt er vedteke, så betyr ikkje det at Stortinget har sagt sitt siste ord om saka.
– Når det gjeld Hordfast, ventar vi på Vegvesenet planlegginga si, og investeringsavgjerdene skal uansett i sin tur til Stortinget, seier Sande.
– Kan oppdaterast
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) påpeikar at det er fleire punkt i regjeringsplattforma som kan påverke prioriteringane til Vegvesenet.
– Nettopp derfor er det fint at gjennomføringsplanen er eit dynamisk dokument som blir oppdatert i tråd med budsjett og politiske føringar. Når det er sagt, har ikkje regjeringa planar om ta initiativ til å stanse vidare planlegging og utbygging av E39, seier han i ein kommentar sendt til NTB.
Terje Halleland frå vegpartiet Frp meiner det er «mykje bra» i planen frå Statens vegvesen. Han er òg oppteken av E39 – men med motsett forteikn.
– Det er fleire prosjekt vi er skuffa over ikkje kjem tidlegare. Fleire av desse vil vi gå i dialog med departementet om, seier han til NTB.
Frå Sinsen til Hammerfest
I tillegg til dei to prosjekta på E39 (Stavanger-Bergen og Volda-Kristiansund), står desse vegstrekningane på Vegvesenets prioriteringsliste fram til 2027:
* E134 Kongsberg–Haugesund
* E16 Hønefoss–Arna
* Rv. 4 Oslo–Gjøvik
* E6 Steinkjer–Nordland grense
* Rv. 80/E6/E8 Bodø–Tromsø
* E16/rv. 350 Eggemoen–Hønefoss–Hokksund
* Rv. 52 Gol–Lærdal (Borlaug)
* Rv. 3 Elverum–Ulsberg
* E6 Dombås–Ulsberg
* E10 Tjeldsund – Å
* Rv. 94/E6/E45 Hammerfest – Riksgrense Finland
Vegvesenet har òg laga ei liste over prosjekt dei meiner er aktuelle å følgje opp i andre del av NTP-perioden, frå 2028–2033.
Vegvesenets plan omfattar dessutan oppfølging av byvekstavtalar for Oslo, Bergen, Nord-Jæren og Trondheim, og dessutan påskjønningsavtalar med fleire andre byområde, der målet er å unngå auka biltrafikk. Ifølgje NTP er 44 milliardar kroner sett av til slike avtalar fram til 2027.
(©NPK)