nyhende
Vegvesenet åtvarar mot svært glatte vegar
Det er meldt mykje regn i Sør-Noreg frå laurdag til og med måndag. Regnet kan både frysa og bli liggande som overvatn.
Regnet startar i Agder på laurdag ettermiddag og bevegar seg til Østlandet. Vestlandet vil få det verst på søndag og måndag, og Statens vegvesen åtvarar om fare for svært glatte vegar.
– La bilen stå om du ikkje absolutt må ut å køyra. Sjølv om forholda og vegane ser bra ut når du reiser, kan situasjonen sjå helt annleis når du skal heim, skriv dei i ei pressenmelding.
Overvatn og frose regn
Det ligg allereie mykje snø på og langs vegane. Dette gjer at regnet ikkje har nokon stad å gjera av seg. Dermed vil det bli liggande oppå vegen, og då blir det overvatn.
I tillegg vil noko av regnet frysa direkte på vegen. Dette kan gi svært utfordrande køyreforhold. Dette gjeld spesielt langs kysten og litt innover i landet.
Kjem med oppfordring
Om du må ut å køyra, har Vegvesenet ei oppfordring:
- Berekn god tid, køyr etter forholda og ver ekstra merksam.
- Følg med på vêr- og føreforhold og hald deg oppdatert på www.vegvesen.no/trafikk. Der finner du oppdatert trafikkinformasjon til ei kvar tid.