nyhende
Vegvesenet åtvarar: — Glatt føre i fjellet
Glatte vegar skaper trøbbel fleire stader i Sør-Noreg. Både på E134 over Haukeli og på riksveg 7 over Hardangervidda blir det meld om underkjølt regn.
Vestlege delar av landet blir òg prega av glatte vegar. Både på riksveg 7 over Hardangervidda og Måbødalen og E134 ved Seljestad blir det meld om underkjølt regn.
– Her blir det meld om svært glatt vegbane. Det regnar, og regnet frys når det treffer bakken. Entreprenørane er ute og strør, og vi ber bilistane senke farten og køyre etter forholda, skriv Vegtrafikksentralen vest.
Buss av vegen i Agder
Bussen var eit av fleire køyretøy som køyrde av vegen og i kvarandre på riksveg 9 ved Storestraumen i Bygland, der det ifølgje Agder politidistrikt er svært glatt.
– 20 passasjerar er involverte, har sklidd av vegen, ingen personskade, men ein del kø på staden. Bilistar blir bedne vere tolmodige og halde seg i køen. Bilbergar er bestilt for å få bussen på vegen igjen, og ifølgje Vegtrafikksentralen er alle tilgjengelege mannskap ute for å strø, tvitrar politiet.
Anniken Island ved Vegtrafikksentralen i Agder seier til NTB at problemet gjeld heile fylket.
– Det har komme ein del regn som har frose på bakken, noko som gjer at det er veldig glatt. Entreprenørane er klare over problemet, men det tek litt tid å få rydda opp i dette. Og så lenge det held fram med å regne og fryse på bakken, må ein gjere det på nytt, seier ho.
– Køyr varsamt
Ho oppmodar bilistar i fylket til å ta omsyn.
– Det er ein del utfordrande køyreforhold. Men det er ikkje verre enn å ta omsyn, senke farten og halde god avstand til dei som køyrer før ein, slik at ein får stoppa i tide, seier Isdal.
Også i Viken og Innlandet var det problem torsdag formiddag. I Trysil melde politiet om både dårleg sikt og svært glatte vegar etter at to personbilar kolliderte ved 9.30-tida.
– Det blir meld frå bilistar som ferdast i Innlandet og nord i Viken, at det regnar, og at det er mellom minus 12 og minus 16 grader i lufta og minusgrader i bakken, køyr varsamt! oppmoda Vegtrafikksentralen aust.
Utover torsdagen har situasjonen betra seg noko.
– No går trafikken ganske bra. Det flyt fint, og hovudvegane er stort sett brøyta ferdig, seier Mikael Olsen ved Vegtrafikksentralen aust til NTB ved 11.30-tida.
Yr har i tillegg sendt ut farevarsel for Trøndelag torsdag kveld.
– Frå seint torsdag kveld til tidleg fredag ettermiddag er det fare for lokalt is i Trøndelag på grunn av omslag til mildvêr og regn som frys på kald bakke, skriv dei i farevarselet.
(©NPK)