nyhende

Sveiogata sitt dekke frå 1999 er gamalt og synleg slitt fleire stader på strekket. Innan få veker er ny asfalt lagt.
Sveiogata sitt dekke frå 1999 er gamalt og synleg slitt fleire stader på strekket. Innan få veker er ny asfalt lagt.

Vegarbeid i Sveiogata og Tjernagelvegen

Publisert Sist oppdatert

Neste veke, altså frå 31. august kan du møta på vegarbeid i Sveiogata og på Tjernagelvegen på kveld- og nattestid. Sveiogata skal få nytt dekke frå start til slutt, på Tjernagelvegen vil eit stykke mellom Gjermundshaugen og fram til Åse bli fornya.

Dei raude strekane syner kor arbeidet med fresing og asfaltering vil gå føre seg.

– Arbeidet med fresing vil starta i veke 36, og legging av asfalt vil starta 7. september og vil pågå i 2–3 dagar, opplyser overingeniør og fungerande leiar Vedlikehald sør, Tone G. Myhre i Vestland fylkeskommune.

Dekket i Sveiogata er frå 1999, då det som er i dag er gammalt og slitt.
– Arbeidet vil bli frå klokka 20.00 og 06.00, det blir brukt følgebil i heile perioden, opplyser Tore Pedersen, byggjeleiar asfalt/vegmerking i fylkeskommunen.

Powered by Labrador CMS