nyhende
Veg til Leirvåg neste år
I løpet av 2025 skal det bli parkeringsplass og veg til friluftsområdet Leirvåg og «kyrkjegarden ved havet», håpar dagleg leiar i Friluftsrådet Vest Solveig Myge.
Leirvåg ligg sør og vest for Valevåg. Området er i dag tilgjengeleg frå sjøen, men hamneforholda er ikkje dei beste. Frå Nappen går det ein tursti til Leirvåg som berre er farbar for folk som er gode til beins.
Staden er kjent for kolerakyrkjegarden som blir rekna som inspirasjonskjelde for Fartein Valen sitt musikkverk «Kirkegården ved havet».
Krav om dispensasjonar
Nyleg møtte ho Andreas Ekrheim, Ellen Urheim Tveit, Håkon Aamot, Marit Persen Liknes og Arne Berg i Sveio kommune til førehandskonferanse om prosjektet. No er friluftsrådet i ferd med å fullføra naudsynte søknader om dispensasjonar som også skal på høyring til Statsforvaltaren i Vestland.
Parkeringsplassen og vegen er planlagt i LNF-område. Rundt kolerakyrkjegarden er det ei omsynssone for kulturmiljø, og avslutninga på vegen vil også koma innanfor 100-metersbeltet i strandsona.
Friluftsrådet Vest signerte i 2021 ein avtale med grunneigar Reidar Kristian Kaltveit om bygging av parkeringsplassen og vegen over hans eigedommar. Eitt av vilkåra i avtalen er at grunneigaren skal ha rett til å ferdast på vegen med traktor, og at vegbreidda dermed må vera tre meter. Dette er ein av grunnane til at det blir krav om dispensasjon.
Fullfinansiert
Vegen blir 700 meter lang. Prosjektet vil kosta mellom ein og 1,5 millionar kroner. Myge opplyser at finansieringa er på plass. Så snart naudsynte dispensasjonar og byggeløyve er på plass kan anleggsarbeidet starta, seier ho.
Turvegen vil gi tilgang til det vakre turområdet med både rullestol, barnevogn og sykkel.