nyhende

Brannsjef Dag Botnen gir praktiske råd om berging når det brenn i vegtunnelar. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Brannsjef Dag Botnen gir praktiske råd om berging når det brenn i vegtunnelar.

– Ved tunnelbrann må du berga deg sjølv

– Ved tunnelbrannar er det sjølvbergingsprinsippet som gjeld. Det har vegvesenet bestemt. Difor er det viktig å vita kva ein skal gjera ved brann, seier brannsjef Dag Botnen i Haugaland Brann og Redning.

Publisert Sist oppdatert

Denne hausten har det vore fleire brannutrykningar til Bømlafjordtunnelen. Etter bilbrannen 2. desember kom Botnen med fleire råd til publikum på Facebook.

Desse råda utdjupar han no overfor Vestavind. Han har også laga ein informasjonsvideo om temaet.

– Ver varsam med å snu

– Om mogleg må du koma deg ut av tunnelen. Sjå etter kva retning røyken blæs og vel dem motsette retninga. Sjå etter evakueringsrom, snuplassar og skilting, men ver varsam om du vel å snu i køyrebanen, og særleg dersom det er mykje røyk i tunnelen, seier brannsjefen.

Han viser mellom anna til den dramatiske brannen i Gudvangentunnelen i 2019. Der var det fleire som køyrde i tunnelveggane under snuoperasjonar. Men han legg også til at ventilasjonsviftene i tunnelane er så kraftige at det til vanleg er lite røyk i motsett retning av dit viftene blæs. Skulle det likevel vera mykje røyk, er det betre å venta på hjelp i bilen framfor å gi seg i veg mot utgangen til fots.

–  Unngå røyken

– Røyken er farleg, og bilen er ein av dei tryggaste stadene å opphalda seg for å unngå røykeksponering. Innstill klimaanlegget slik at det ikkje hentar inn luft utanfrå, men sirkulerer den lufta som er inne i bilen.

Alle større tunnelar er godt utstyrte med overvakingskamera. Vegtrafikksentralen veit difor til ei kvar tid kor mange bilar som er inne i tunnelen og kor dei er på strekninga. Vil ein i tillegg gi seg til kjenne, tilrår Botnen bruk av naudtelefon eller å fjerna eitt av pulverapparata som finst med jamne mellomrom langs tunnelveggane. Då får Vegtrafikksentralen automatisk melding.

Vidare tilrår han å lytta på radio. Naudetatane bryt inn med nødvendig informasjon på radio, seier han. Det folk absolutt ikkje må finna på, er å køyra inn i ein tunnel som er stengt.

Sjeldan panikk

– Kva inntrykk har du av folk si framferd når det oppstår brann i tunnel?

– Det er ein myte at folk får panikk i slike situasjonar. Dei aller fleste er flinke og handlar rasjonelt når dramatiske situasjonar oppstår, seier Botnen.

Powered by Labrador CMS