nyhende
Våt, våtare, våtast
Om meldingane slår til, kan det bli ei svært våt veke i Sveio.
Den finaste dagen ser ut til å vera i dag, måndag. Tysdag skal det både regna og bli kraftige vindkast, om meteorologane får rett.
For å spå kor mykje ustabile lavtrykk på Vestlandet slepp ned av vatn, og kvar det vil regna, er inga enkel øving. Det einaste som foreløpig er sikkert er at torsdagen blir den våtaste dagen.
Sjå berre her:
- Tysdag: 33 mm regn, men det kan også bli berre 3,9
- Onsdag: 20 mm regn, eller berre 0,2
- Torsdag: 49,2 mm med regn, eller berre 4,4
- Fredag: 34,6 mm regn, eller berre 0,6
- Laurdag og søndag ser så langt ut til å kunna bli litt våtare enn fredag.
Slå me saman tysdag til fredag, kan det altså bli over 136 mm regn på fire dagar…
Sønnavind og vatn
Temperaturane er venta å ligg på 17 grader på dagtid dei første dagane, men fell ned mot 15 og 14 grader utover veka.
Vinden skal stort sett halda seg på sørleg retning, svingande litt til sørvest og søraust. Så ordtaket sønnavind og vatn ser ut til å stemma bra.
Våtare enn normalt
Silje Auganæs, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestland, er samd i at 136 mm på fire dagar er mykje, men eit godt stykke unna gult farevarsel som ligg på 100-120 mm på 24 timar.
– Maksnedbør på Yr blir ikkje heilt rett å legga saman. Tala viser kva som kan koma, men ein må også sjå på symbola. Er det ei grå sky med mange regndropar, vil det kunna koma opp mot makstalet i det timeintervallet. Men ja, det blir ei våt veke. Eg har ikkje normaltala for Sveio for august, men me kan jo ta Bergen som utgangspunkt. Der er normalen 200 mm regn, og det har allereie regna meir enn det så langt i august, seier ho
Håp om betre dagar
– Er det slutt på sommaren?
– Nei, ikkje heilt. Ser me litt lengre fram enn denne veka, ser det ut til at lavtrykksaktiviteten minkar. Fram mot neste helg blir vêret betre, og temperaturen vil også stiga. Så det blir nok meir sommarleg før hausten kjem for alvor i september-oktober, seier Auganæs.