nyhende

Vestlendingane har grunn til å vere litt vêrsjuke om dagen. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Vestlendingane har grunn til å vere litt vêrsjuke om dagen.

Våt og kald juni i vest

Publisert Sist oppdatert
NPK: Vestlendingane kan gle seg over nokre sommardagar no, men hittil har juni har vore både kaldare og våtare enn vanleg.

Tre sommardagar, det vil seie dagar med temperatur over 20 grader, er alt Bergen kan skilte med, fortel Robert Næss, ekspert på vêrstatistikk, til NRK. I fjor var det 22 sommardagar i Bergen i juni, og åra før åtte og tretten.

Resten av Vestlandet har hatt om lag same vêret, og det er ikkje noko betre om ein ser på nedbørsstatistikken. Bergen har berre hatt tre dagar utan nedbør i juni, og i i mai og juni samla har det vore 44 dagar med nedbør.

På Austlandet er situasjonen ein annan. Her har det vore uvanleg varmt og tørt i juni. Til no har det kome 47,1 millimeter nedbør, mot normalt 80 mm

(©NPK)

Powered by Labrador CMS