nyhende
Varslar om stor skogbrannfare
– Onsdag kan vêrtilhøva gjera Sør-Noreg til ei lita kruttønne for skogbrannar, seier brannsjef Dag Botnen. Oppmodinga er å vera varsam og varsla 110 om ein oppdagar brann.
Haugaland brann og redning IKS går i dag ut med varsel om stor fare for skogbrann i vårt distrikt. Kartet viser raudt, altså høg skogbrannfare mange stadar, og det vil auka til mørkeraudt og svært stor skogbrannfare på kort tid.
– Det har vore varmt og tørt lenge, men det er ikkje det som gir størst grunn til bekymring. Vêrvarselet for i morgon, onsdag, viser til dels mykje vind, lav luftfukt gjennom heile døgnet og høg temperatur. Det er forhold som legg til rette for store og ukontrollerte brannar, seier brannsjefen.
Ver svært forsiktige
Han oppmodar folk til å vera svært forsiktige og ta omsyn til kva dei gjer. Ikkje berre i morgon, men også dagane framover inntil det kjem betydeleg med nedbør.
– Det er all grunn til å minna om bålforbod, grilling og andre aktivitetar som kan skapa brann i ei knusktørr utmark. Heime er det lov å grilla, men ver aktsam. Bålpanne er også lov, men kanskje ikkje det luraste når ein liten gneist kan føra til brann. Bruk av til dømes motorsag og andre verktøy som kan skapa gneistar bør ein også helst unngå å bruka, seier Botnen.
Ring 110 med ein gong
– Kva skal ein gjera om det går gale eller ein oppdagar ein brann?
– Ring 110 med ein gong. No er det så tørt at eld spreier seg fort, og me vil vera så raskt som mogeleg på plass for å hindra større brannar. Brannen på Karmøy i pinsehelga fekk utvikla seg fordi det ikkje blei varsla rett, seier brannsjefen.